Kulturavis utvidar

Før har eg slått eit slag på nettet for nynorsk og for vekeavisa Dag og Tid. Dagsavisa Klassekampen utvida sist måndag kulturstoffet sitt med eit fast, rommeleg musikkbilag (på måndagar). Ta ein titt på dette! Men kva meiner eg så om Klassekampen generelt? Nyleg blei eg spurt av avisa om å kommentere medlemsskapen min i «Klassekampens venner», noko eg fekk til utan vanskar, og kommentarane blei trykte (20/10):


1. Når ble du medlem?
Eg byrja å lese avisa under starten i 1969 og byrja å selje henne med ein gong. Ein god del seinare blei eg medlem i Klassekampens venner.

2. Hvorfor?
Same grunn som grunnen til at eg spreidde avisa. Eg er mot lurekrigane til stormaktene, dei same luremaktene som er våpeneksportørane i verda. Klassekampen har alltid hatt ein bråte med dyktige journalistar. Somme av KKs veteranar er framleis i avisa: Alf Skjeseth, Sissel Henriksen og Peter M. Johansen. Avisa oppdaterer seg heile tida med nye gode journalistar.

3. Hvem bør bli med i Klassekampens venner?
Alle som er interesserte i velskrivne konkrete leiarartiklar og opptatte av innsyn, god journalistikk. Pluss dei som har utbytte av litteratur og musikk. Kunstkritikk, film og teateromtale i avisa er oversiktleg og poengtert.

4. Hva ønsker du bidraget ditt skal gå til? 
Eg ønsker meg fleire reportasjar frå EU-land. Det er svært mykje kommentarstoff i norske aviser, også i greie Klassekampen. Men intervju og reportasje blir det aldri for mykje av.


Lure-argumentet mitt over kan eg utvide. Til «fredsprisen»: EU – som står for heile tredjeparten av all våpeneksporten i verda – får fredspris frå Noreg. Noreg er den aller største våpeneksportøren i verda etter folketal. Det er så naturleg at to slike fredelege makter gjev kvarandre ein fredspris..

Ein innsendar til nettstaden som har tipsa meg før, nemnde biletet av Storbrittannias Neville Chamberlain. Han har møtt Hitler i 1938 og jublar med eit kvitt papir i handa, medan han optimistisk påstår: «Fred i vår tid!», alt medan krigen i verda blir planlagt og trappa opp imot 2.verdskrig. Krigen mellom stormaktene blir erklært eitt år etter. Dette veit eg godt, fordi eg har tatt mellomfag i historie, og har ikkje gjort dette for ingenting.

© Spink/BNPS

At verda treng ein totalt ny fredsprisjury er sikkert, kanskje ein svensk jury, noko somme har tatt til orde for, iallfall ein jury som ikkje er sett saman av tidlegare topp-politikarar, men heller av fredsforskarar.

For ein god del år tilbake offentleggjorde Vanunu, israelsk teknikar, den israelske atombombeproduksjonen. Sidan har han meir eller mindre vore halden i fangenskap. Når Klassekampen byrja med si lengevarande diktspalte med heilt korte dikt, leverte eg dette bidraget:

Vanunu...
6 000 000 000
par auge ser

Vanunu er stadig aktuell for opinionen. I den nye diktsamlinga til tyske Günter Grass har han plassert eit lengre dikt til Vanunu, eit dikt som eg strevar med å finne lenke til. (Tar gjerne imot tips)… Her fann eg lenka igjen. Diktet heiter «Ein Held unserer Tage», det har vekt ein del oppsikt, slik alt Günter Grass gjer ser ut til å vekkje, du les det på tysk .

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *