Kragerø låg utfylt over svaberg og høge furuheier som ein solid søknad til riksantikvaren Og vi stega Løkka frå Steinmann ned heile Thomesheia stoppa i Barthebakken helvete så fint gjort

Bratt ned til bysentrum og bryggene!
masurka makadam lasting utanfor Valbergveggens sår Bærøyfjorden går sund all blåsvart makadam vegen over vatn knuste makadam kvart fordømte gram førest bort til kramvare Bærøyfjordens sprik vil sikkert liggje slik at vi får selskap i ei grav på sikt no har eg det fint eg har aldri pint meg til evig kunnskapsplikt
Slike er mine eigne synspunkt. Eg liker ofte å utvikle røynslenære dikt i velbrukte tradisjonelle versmål mot nye retningar, altså med friare og færre strofer, fleire halvrim m.m. Det ligg vel både beundring og kritikk i bruken min av den gamle praksisen. Det er først og fremst slike dikt som er samla på denne fila.
Dei tre første dikta i eksempelsamlinga på denne fila dei er lånte frå mine SLUTNINGAR TIL KNES (som ialt rommar 83 dikt).
Dikta som eg har henta ut under, kom alle (bortsett frå det første) med bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar. (Den skjedde i 2006.) Andre dikt i (dei mange) bøkene mine ligg ute her, men ikkje meir enn ti til tretten dikt er der siterte frå kvar bokutgjeving.
øve med hender Øvde hender rer senger vatnar roser vaskar maling Og hender rer senger, senger skjer opp salaten finn fram all maten Det er øving, tangentar stemmeband og svalene og respekt Det er så god respekt øve med hender re senger, senger vatne roser og spyle maling
moderne mur Vi har sett fiken falle og ormar få si løn Ein gud stod over parken og venta på ei bøn Stilsikkert vil det falle i augnekroken min Då vil eg berre takke for blodraud appelsin Har vi latt gudar tumle frå hagen fin og grøn? Ei rank og vakker rose blei flekkete obskøn For Nordraak står kvit rose bak ein nybygd mur har hatt si beste glede med blømande natur Eg såg ho frank og frodig og likt av oss som kom og var sabla frimodig i all sin herlegdom Så stod ho skjult i skyggen bak moderne mur og bak dei beste dagar, engsteleg og sur
Søk eit grøntareal!
interesser Er du gammal nok? Hugsar du Rolf Hansen? Han var ein kjernekar No saknar vel partiet det som det ikkje har Hansen opna munnen og gav sitt bod om tolkning Hugs at her i landet er nordmenn nordmenn nordmenn urbefolkning Folk hadde kanskje tenkt. Og ein lagnad unnt han men statsministervalet fall på Harlem Brundtland Ho kledde seg i pesk. Det var god reklame Kanskje vil det dryppe litt på ein driftig reinsdriftssame? Men ikkje Tromsø museum – det måtte gje seg av straks dei hadde funni prov på dyregrav Og ein kjempemessig oppdemd sjø var snart i emning med kraftverk over dalen førtifiremeters demning Mins du kandidaten -- for sein til å bli tatt? Da saknar nok partiet det som det skulle hatt Hugs at her i landet er nordmenn nordmenn nordmenn urbefolkning?
Gjer eit urfolkbesøk!
bussekspressen såg dei to på Sørlandsbussen over sine sete utan grense i ein midtrabatt Ho tar, ho tar, inn i mannen likt eit hovud i ein hatt Forelska er dei. Kvinna vil forsvinne inn i mannen Korleis ho skal få det til, er meg alltid gåtefullt og stilt
Gje opp å forstå!
blant strender Der Skagerrak blottar sine strender finst Kragerø Bys Venner Skagerrak kler av sine strender med Kragerø Bys Venner Det blæs og det skin Og vi reknar på mur- og trehusbygg Der Skagerrak tvettar sine strender fekk Kragerø Bys Venner hus sin eigenart og sørga for at trehusbygg blei spart
Nyt ein trehusby!
Eg dreg Eg dreg til Skagerrak med rullesteinar liggjande og ser mot naboland og alt som er Eg har moreneland med fyr og kyr og kyr og fyr som ser mot Bohuslän og det som er Eg dreg til Stabbestad og vidare til Søndeled for å symje i eit lite vatn. Når mørkret samlar seg med krå og himlakrok, eg skal leggje meg og opne bok og eg les Hagerup, da er det bra
Kik mot naboland!
tre slags poetar på pub Olaf Lundheim fór som skytebas. Åsen sveisa jarn Og eg, eg sveisa skoleborn & sprengde tull og fjas Alle tre skreiv dikt og verserim til eg blei nesten galen og folk sto fram og kommenterte Fiendar det hadde vi nært opp til optimalen Olaf Lundheim fór som skytebas. Åsen sveisa jarn Og eg, eg sveisa skoleborn & fjerna mas og kjas
Sveis skoleborn!
blomar, bensin og spleen Ingunn er eit riktig svin med hovudet på skakke Hennar beste årgangs-vin er kilometer og bensin Og no tar ho snart til takke med ein blomebakke Ingunn er eit riktig svin og ordnar det ho kan Snart møter ho ein homsemann som bur i alle land Hennar beste årgangs-vin er blomar, spleen og spleen
Heisan der smatt det inn att eit dikt frå SLUTNINGAR TIL KNES. Alle dei tre diktbøkene mine frå 2000-talet går litt over i kvarandre, og dei har blitt omtalte (gjennom forlaget) som ein «trilogi». Blant anna er mange av dikta i heile trilogien skrivne til verkelege personar, namngjevne eller maskerte personar, offentlege eller familiære.
Dermed snur eg igjen tilbake til enkeltboka med dei kameratslege oppmodingane:
Du har att din sceneskrekk Overflatisk må eit forhold nesten vere Vi skal bu. Og vi skal reise bort Til så lenge vil eit forhold måtte vere, til det kjem eit større som er stort Vi skal sjå. Og vi skal flytte vekk over alle haugane, sa ein far til barnet sitt Når du møter staden - har du att din sceneskrekk
Møt din sceneskrekk!
Det heiter ikkje eg lenger Straks vil du finne plassen din for du er ei av mange gode som vinglar rundt med ein kjærast ved side Du er ei kjekk ei, og det er på tide at du no finn plassen din Snart har du funni plassen din fått med at små kan smette inn i kvar si gode leikegrind men óg fått kjend ei open verd der arbeidsløyse, fjell og fengsel og Halldis Moren Vesaas er
Spør Halldis Moren Vesaas!
ved grenser (dialog med Heinrich Heine?) En samler sine bøker, følger ruta veien hjem de stakkars tyskerne da – det gikk så dumt med dem Det gikk så dårlig med dem, for de laga ikke barneviser og de kunne vel ikke plystre eller klare håndfaste beviser Vi pakker våre saker og går veien hjem de stakkars tyskerne da – plystrer vi i dem? De har vel hatt si dødtid og kommer vel tilbake blant dem kan vi ha venner og finne oss vår make Verden er et ståsted, der det kan finnes venner vi møter dem ved grenser -- som politiet kjenner! De har vel hatt si dødtid og kommer vel tilbake De kan være svake. Vi kan være svake Tyskland er fuglenes land, og fugler plystrer
Opplev Berlins kanalparkar!
Hallvard Lie sin mangel tileigna forskaren Hallvard Lie Det er lov å vere blid og glad og få lese vår Hallvard Lie Du kan møte det du gjerne ser med verseføter der du fer Hallvard Lie har ordna med alt, ja alt har forstått kva verset galdt Og det er like fundamentalt at han mangla Prøysen, Alf
Dans ein reinlendar!