Nynorsk språk har komme under åtak frå regjeringa… Eg støttar bruken av nynorsk i media, og eg støttar den viktige nynorskavisa Dag og Tid. Kanskje treng ikkje Dag og Tid i og for seg handslag frå meg, men det gjer seg generelt med støtte i desse dagar. Og derfor leverte eg, på spørsmål frå avisa, følgjande bokmelding, som sto 30/3-12: Pionerarbeid om kinesisk kvinnepoesi. Det er Harald Bøckman som har omsett dikt frå verdas første diktantologi og vald ut til gjendikting innslag skrivne av kvinner.

Folkediktinga har hatt si store tid føre kunstdiktinga. I somme tidleg utvikla land går den oppteikna folkediktinga fleire tusen år tilbake i tid. Og i ettertid er gjerne tema og situasjonar og refreng frå folkediktinga både nærverande og populære og blir også tekne opp av moderne songartistar.
Korleis er folkediktinga? Folkediktinga, anten det er eventyr eller viser eller korte strofer, har tradisjonelt hatt stramme former for å kunne glede og prente seg inn i dei mange. Songstrofene kan følgeleg vere vriene å plante om frå eitt språkområde til eit fjernt og ulikt jordisk språk. Harald Bøckman gjer eit dristig og pioneraktig forsøk med boka Kvinnestemmer i Kinas eldste poesi (2011).
Han har gjort eit godt val med temaet. Fordi kvinnene sine plikter og deira underordna og undertrykte stilling er lett å identifisere gjennom fleire tusen år og skaper attkjenning hos lesaren. Harald Bøckman er ein nestor når det gjeld Kina. Utanom å studere og handtere Kinas politiske kultur og soge så har han også skrive om kinesisk litteratur og gjendikta poesi – saman med Baisha Liu – både frå kinesisk til norsk og omvendt.
At folkedikting opphavleg er meint å bli sunge – sjølv om kinesarane i dag oftast bruker messande resitasjon på folkepoesien – blir ei stor utfordring for omsetjinga til norsk. Skal ein lage noko som er songbart?
Verdslitteraturen sin eldste diktantologi er kinesisk. Det er Sangenes bok eller ”Odeboka”, ho rommar (i seinare utgåver) 305 dikt frå tidsrommet 1000 til 600 år før den kristne tidsrekninga. Harald Bøckman har plukka ut og gjendikta 30 dikt herfrå, som etter alt å dømme er kvinnestemmer. Slik er opningsstrofa i det tilsynelatande ”uskyldige” diktet ”Hvis du kjærlig lengter”:
Hvis du kjærlig lengter, vader jeg elva med løftet stakk. Men om du ikke lengter, fins det vel andre menn? Du dummeste av de dumme. (...)
Gjendiktaren kjem lesaren i møte på ulikt vis, han kommenterer tradisjonen og forklårer at songane er blitt fortolka av filosofar og politikarar, til dels allegorisk, til dels politisk. Somme veit at ”Formann Mao” under den kinesiske revolusjonen og den japanske okkupasjonen planmessig nytta seg av eldgammal litteratur i dei politiske talane sine for å banke inn den aktuelle bodskapen.
I tillegg til dei 30 dikta frå Sangenes bok har Bøckman gjendikta 16 andre folkedikt. Det yngste og siste diktet i utgjevinga er ”Balladen om Mulan”. Teksten er frå ei tid med turbulente tilhøve i Nord-Kina, der kvinnene elles hadde ei relativt fri stilling. Om arbeidet med dette diktet skriv Bøckman i etterordet at ”struktur og innhold inviterer til å gjendikte (…) som en middelalderballade.” Eg går inn midt i den dramatiske soga og dreg eit par strofer:
(...) Khanen spør henne hva hun vil mest velge blant embet og navn ”Mulan vil kun ha en hurtig kamel for å nå sin hjemlige stavn”. Far og mor hørte hun var på vei og stavret på vollene fram Store søster fikk også et bud og tok fram pudder og kam. (...)
Denne utgjevinga ved Bokvennen forlag & Harald Bøckman er spesiell. Lenge har vestlege poetar og poesilesarar vore opptekne av eldre kinesisk kunstpoesi, mange kjenner Li Po, Tu Fu og T’ao Ch’ien. Vestlege poetar har funne grunnar til å setje kinesisk tekst om til vestlege språk på ein oppfinnsam måte.
Eg kjenner lite til kinesisk språk utanom det eg kan lese meg til hos Harald Bøckman og andre. Men eg har fått med meg at kinesisk for det meste består av uforanderlege små einstavingsord, medan norsk diktrytme har mange fleirstavingsord som dikta byggjer på, og ein legg ulikt trykk på ord i norsk, slik som i slutten av den enkle diktstrofa over: «du dummeste av de dumme». I kinesiske versliner er det talet på stavingar som tel, ikkje ulikt japanske haiku. Her skriv eg dette for å ymte, og eg viser tillitsfullt til det informative etterordet frå Harald Bøckman.
Tilbod: Her er sitert og omtalt eit anna dikt frå Kvinnestemmer i Kinas eldste poesi .