Nettstaden sitt nyttårsønske er å aksentuere mange dikt, spesielt dikt utgjevne i det siste – og elles andre aktuelle dikt. Derfor held eg fram med å presentere dikt frå dei nyaste samlingane utgjevne i dette landet. Diktet under er skrive av ein godt produktiv forfattar, som debuterte “med eit pang” i 1983 og har skrive rimeleg mange bøker for barn og ungdom, både dikt og prosa, i tillegg til vaksen-bøker.
Diktet her er eit sovedikt av dei samansette, henta frå nest siste “plass” i boka.
Eg søv over under Eg søv over i Borghilds reddikbed. Eg søv under Helenes kjeksskap. Eg søv langsmed Turids klesvaskar. Eg søv over i urtehagen under Kristines baderomsglugg. Eg duppar rundt Anne Birthes laksetrapp. Eg duppar under Solveigs kuauge. Eg blir einig med Lill og Kirsti, kvar på sin kant, om å duppa over under begge. Då eg vaknar - gjennom stemmar, snø og bydelar - bortom Ninas stolte gravhaugar, kostar fram dei fødde namna henner i parentes
Det er mykje som kan bli sagt effektivt indirekte, slik dikt kan. Er det ikkje? Og kva kan ein ikkje lage poesi av? Dette svevndiktet er poeten som vi har føre oss. Han har skrive det siste 6-ords diktet i spalta til Klassekampen (nyleg). Men kven er han? (Svar kjem om eit par dagar.)
Etter han: mjuke pubhjørne, trygge paraplytre.
Ps 4/1-2012:
Forfattaren er Arnt Birkedal, kan eg fortlje, debuten hans var boka Balladen om hålet i døra i 1983. Og diktboka i 2011, som da sove-diktet øvst blei lånt ifrå, har tittelen Sinus.