Ei av dei største diktbøkene

Vi held fram vår vesle diktgjetteleik, der fasitsvaret kjem om eit par dagar. Den nye boka, som er innhaldsrik, og der dialekten er ein gjennomgangsmelodi, ho vel eg eit dikt i, nærmast på måfå. 

Kvifor ikkje bruke tittelparolen “Grip stunda” no før jul?

GRIP STUNDA




Kænskje er det glæa
je burde satse på?


Hu som flyg
ifrå meg
om je itte blir med?


Glæa krev itte mye
ænna hell at
je ser ía:


ei lita jinte på fire år
med vilje som kæn skjæra stål.

Vi har altså fått ein kommentar til Alf Prøysens vise “Romhjuls-drøm”, som alltid byrjar slik: “En skulle vøri fire år i romjulín”. Og dette er den visa der “saligheta er et bessmorfang” kjem plassert i vise-konklusjonen. Derimot “vilje som kæn skjæra stål” – det er noko anna.

I diktet GRIP STUNDA finn vi hos je-personen eit heilt anna og kanskje nytt tilhøve mellom ein vaksen og ein fire-åring.

Og ps 16/12-2011:

rets bok av Furnesingen – som debuterte alt som nitten år gammal – er ei ødsel bok for oss og har noko til alle. Grunnen til at alle kan finne noko er at poesien hans har ei sikker tilvising til røynda. Og det at den romslege boka er ujamn, tyder ikkje all verda. Forfattaren er elles ein dyktig kabaret-artist.

Fasit: Ein wikipedia-artikkel med kva forfattaren har drive det til .

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *