Den yngste

Slik byrjar ei bok: “Min søster har store og sterke lunger, og kan være under vann en hel dag hvis hun vil. Hun får så blå øyne og så lys hud.” Når den vellykka poeten Ingvill Solberg skriv boka den yngste, spelar tittelen på den yngste av søskena, den yngste i ein søskenflokk. Den yngste her er ei jente. Men boka viser mykje til “brørne” og til den ekstra svømmedyktige og spesielt eventyrlystne og svømme-interesserte søstera.

Boka er forma i dikt som er greie å lese i samanheng, og ho får meg til å tenkje på kor ulikt skapte alle menneske er. Og dette tilhøvet ser ein særleg godt i søskenflokkar, der alle kan jamføre seg med alle, og der oppfostringa frå foreldra i utgangspunktet skal vere lik, iallfall for det einskilde kjønnet. Eg vil seie det slik at folk si oppfatning av seg sjølv blir til i jamføringa med søsken som har fått tildelt andre gener, tildelt ein annan arv. Samtidig kjem det sterke familiære bindingar ut av denne ulikskapen mellom søsken.

Boka den yngste skriv seg inn i den svært aktuelle forskingsdebatten om arv og miljø (debatten som gjekk føre seg rundt tv-serien). Og ho er ein fryd å lese i samanheng.

Her tar eg ut eit dikt frå boka til Ingvill Solberg, det er da frå byrjinga av andre bolk:

 
 Min bror kjenner svanene
 og gjessene og endene.
 De legger hodet i fanget hans.
 
 Mot de varme hendene
 slår hjertene
 under fjærene.

 Øynene
 til fuglene, de ser
 min brors ansikt. 
 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *