Kenneth Goldsmith sin “skoletime”

var prega av ein mann med rik røynsle framfor forsamlingar, og han var ikkje redd for å bruke dei store eller uventa orda. Når han sat og følgde manus, skotta han heile tida opp, med kvikk guteaktig mine. Kva sa han så til festivalen? Han refererte m.a dei to heilt sentrale avsnitta over, som eg drog fram frå Audiatur-katalogen. Pluss:

1) Han presenterte ein definisjon av «collage», den noterte eg: Collage er to smakar ført saman av ein tredje smak. Om det er hans eigen definisjon, er det skarpt sett, og (han) treng ros.
2) Han formulerte «thinkership» framfor «readership» i litteraturen. Og da stilte eg meg straks spørsmålet om han ikkje sette noko anna framfor også «thinkership»?
3) Han gjentok ein argumentasjon om at vi ikkje treng meir tekst, at vi flyt over av tekst og derfor har nok av dette. Derav uttrykket som han står for: noncreative writing (=iallfall eit godt humoristisk slagord). Men Goldsmith skriv da sjølv verk som er nokså kreative, skulle eg meine? Til dømes den teksten hans som inneheld alt han sjølv sa i ei heil lang veke, eller så, tatt opp med påmontert mikrofon. Her ser vi elles eit døme på bruk av moderne teknologi… Og likevel har eg vel ofte inntrykk av at mange spennande poetar ikkje ser godt den tradisjonen som dei står på med ein fot i. Det dei trur er nytt, heilt nytt, er ikkje fullt  nytt, medan det nyaste hos dei nok ikkje alltid blir sett og formulert.

Etter Kenneth Goldsmith kom Derek Beaulieu med meir atterhald til poesiretninga. Om seg sjølv sa han: «Sometimes konseptuell, mostly concrete poetry». Og i paneldebatten som følgde, hadde både Ulf Karl Olov Nilsson, Monica Aasprong og Gitte Broeng ei meir søkande og fleirtydig innstilling enn leiaren for konseptpoesien bruker å halde fram. Gitte Broeng la vekt på – først og fremst – eit konseptuelt rammeverk… Nilsson hevda at den biografiske lesinga alltid er der. Gitte Broeng ville ikkje gje slepp på «det poetiske auget», noko som straks førte til ein debatt i salen denne kvelden. And that concludes the votes from the Norwegian jury. Ha ein fin kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *