Alder og draum

Poet Odveig Klyve er allsidig og produktiv. Det er eit langt sprang frå den palestinske feminismen i Klyves omsetjing av Forugh Farrokhzad i fjor og til Odveig Klyves eiga skildring av ei gammal mors reise inn i drøymeland, med kjenslene til både mor og dotter, i diktboka Det andre blikket. Dette lange spranget gjeld også måten å skrive på. Eg vel eit dikt ca ein tredjedel inn i den ferske boka:

Eg trykkjer på heisknappen
Dørene glir opp til
den innestengde lufta av nykokt kaffi
og urin


Du sit i ein stol med gummihjul
og ansiktet ditt lyser når du
ser meg
Er det deg
seier du
Og eg ser at du leitar
etter namnet mitt
at du kjenner meg
men namnet er borte
Du lyser i glede
der du sit
med restar av egg på haka

Dette diktet – og mange andre utsnitt i boka – er presist og godt skrivi om noko vanskeleg som mange har røynd. Avslutninga “restar av egg på haka” har å gjere bl.a med at rollene mor/ dotter er blitt bytta om på alle måtar. 

Du sleppte
og heldt meg fast
Du tok farvel
og tok meg til fange
Du viste meg vegen ut
og lokka meg attende


Ein fødsel
som aldri tok slutt

Boka skildrar ei stor rokkering av kjærleiksroller. Dette er sjølvsagt eit vanskeleg omskifte, som Klyve utfører direkte og utan for mykje unødvendig eller formildande pynt… Odveig Klyve er også barnebokforfattar og filmskapar.

Ps 11/1-07: Det står meldingar av boka på Odveig Klyves webside .

Ein tanke om “Alder og draum”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *