Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 9 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 

Foto: Vestmar

Ei poetisk lenke til Draken...

Ein kritikar har forsøkt å formulere brua (eller lenka) frå 1960-åras to bøker BOK og Poesi til 1980-åras første del, det er Jan Erik Vold. Han publiserte ei stor, men sein melding av Draken i solbærbuskane(1982) i Dagbladet 26.1.1983. Denne meldinga er også trykt i Jan Erik Volds essaysamling Poetisk praksis 1990.
Den mest iaugefallande brua han formulerer, finst i byrjinga og slutten på meldinga, der han som innleiing snakkar (nærmast som eit mantra) om «det glade sekstitallet» og avsluttar heile meldinga med følgjande setning: «Det sjeldne med Rykkja er at han har sin glede uødelagt.»
Og når Wenche Larsen nesten ti år seinare i 1994 skal melde Filosofi, sa du, refererer ho - mykje i tråd med det som Jan Erik Vold har sagt om meg - til ein internasjonalt lang tradisjon med «gladmodernisme», og ho plasserer boka mi der, altså 1994-boka saman med gladmodernismen i 1960-åra og saman med den voldske amerikanske eldre forløparen.
Denne skildra «gladmodernismen» frå 1966 vurderer eg i dag som ein slags «sinnelagsestetikk» som må problematiserast. I 1980 gav Jan Erik Vold ut ein pamflett/ eit hefte han kalte Det norske syndromet, der han gjekk inn for ein lyrikk basert på «besinnelse» og musikalitet. Motsatsen for han var «besvergelse». Det vart sjølvsagt eit rabalder. No må eg med ein gong føye til at Jan Erik Vold har vori ein meister til å lukte sinnelaget i lyrikken, delvis fordi han er utstyrt med mykje empati - og har eit godt øyre for poesi, slik Øyvind Berg uttrykkjer det.
Likevel toner han ned alle katastrofane i BOK, katastrofane som Cecilie Løveid peika på i 1986, i Vinduet, og Vold toner ned katastrofane også i dikta i Draken i solbærbuskane, både det tragiske og humoristiske om hundeeigaren og Raska og titteldiktet som står til slutt i samlinga, «der poeten fører det siste ordet» som «drage». Nedtoninga trur eg han gjer for å plassere Helge Rykkja i ei gladmodernistisk ramme, i eit særskilt sinnelag som samsvarer med hans eiga poesioppfatning på 1980-talet, med hans eigen agenda DA. Likevel er han den kraftigaste i si tid, på tidleg 1980-tal, som forsøker å dra større liner, slik eg opp-fattar det, eller få til ein større offentleg lyrikkdiskusjon.
La meg minne om at såkalt «gladjazz» er ikkje det gladaste. Og utrykket «gladmodernisme» , iallfall om meg, må problematiserast og kan hende ikkje brukast så mykje, sjølv om det kan vere mange kortfatta og freidige ting å finne, både her og der i diktbøkene. Mange observasjonar av sinnelag kan også stenge for det som faktisk skjer i dikta, av avsløring og språkkritikk og konkrete tilnærmingar. Og slike lesemåtar som desse siste tre, er lesemåtar som kan brukast gjennom heile forfattarskapet.

Døme på Volds sinnelagsobservasjonar i dei ulike bøkene mine kjem i meldinga av Draken i solbær-buskane. I stikkords form:
- om BOK: «freidig og forskrekket på samme tid».
- om Poesi: «forskrekkelsen veket for en sær språklig frihetsfølelse».
Om verknaden av dei to bøkene: «leverandør av en rekke sentenser som stadig er aktive gledes-isotoper».

Han siterer ei rekkje av dei mest brukte sentensane, sjå under Poesi i bøker-spalta, men også desse tre:
«Jeg velger et seil, en tang og en kiste.»
«Alt det nevneverdige har skiftet farge.»
«Alt jeg tar i, løsner.»


Om separasjon av metriske vers og frie vers i 1980-åra, sjå neste side.