Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 7 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 

Foto: Jan Erik Vold

Det finst også ein motsett strategi i BOK, som Cecilie Løveid kallar «lånte identiteter», i Vinduet-artikkelen (nr 2 1986). Etter å ha omtalt og rost parodien min på ein stressa Hamsun-epigon (Løveid: «den håpefulle norske forfatter»), held ho fram med visning av døme på lånte identitetar (sitat): «Selv går han gjennom mange identiteter og yrker, som kvinne gjør han det godt, som gammel, som far til en datter og til sønner. Alt lånte identiteter.» Og ho siterer dette diktet (som eg i dag vil kalle eit maskert tema eller eit forkledningsdikt):

min datter er blek
men uendelig snill,
litt fjern når hun ikke
får det til;
hun er vek,
men mild.
Min datter har mange øyne.

Kven har så poeten maskert seg som eller forkledd seg som her, er det faren eller dottera i diktet, spør eg, kanskje begge identitetane, begge identitetane etter tur? Den siste verslina er nøkkelen til å opne diktet med...

På den tida, da eg skreiv diktet ovafor, var eg 22 år, korkje far til ei dotter eller far til ein son. Eg hadde tatt vidaregåande skole, deretter jobba eit år som lærardebutant i Tokke, Telemark (fordi eg ikkje visste kva eg skulle) og ein del av tida budd hos og inni ein småbarnsfamilie, jobba deretter nokre månader på Vest-landet i Vassdragsvesenet, deretter fekk sykla (med to innlagde togetappar) til Middelhavet i november, fekk tatt førebuande prøve i filosofi&logikk&psykologi ved Universitetet i Oslo våren etter, vori eit par månader i militæret i Fredikstad og brekt eit mellombein i den eine foten min der, men tatt førebuande prøve i matematikk med eit naudskrik, kjøpt meg kvit kjemifrakk på Blindern og vansmekta i Donald Duck/ realfagsmiljøet på Blindern den gongen. Omtrent. Det er nesten så ein kan kalle dette omskiftande livet eg førte for: har hatt og tatt ei rekkje «identitetar». God bakgrunn for å skrive eit dikt om Hamsun-epigonen... Eg vil også minne om karakteristikken som Jahn Thon gir av meg i boka si om Profil: «(...) lysten på helt umiddelbart å prøve alt nytt, hoppe ut på dypet for å se om svømmedyktigheten holdt, alt dette virker nesten medfødt hos Rykkja.(...)» Iallfall skjedde det: Etter tre månader med realfagstudier byrja eg så på musikkstudium med heis i 9.etasje på Niels Treschows med fullteikna timeplan i alle disiplinar og tok eksamen i grunnfag/ mellomfag og hadde dertil eit einaste semester på hovudfag utan å satse korkje på komposisjon eller på musikk-forsking vidare. Ein periode i 1967 og 1968 prøvde eg meg da BERRE som forfattar, som nemnt, og ikkje som student. Folk kunne jo tru, etter slike omskiftingar i verksemda mi, at forfattarskap er noko eg lurer dei med... Og enno var det ikkje slutt med omskiftingar, sjå vidare: