Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 5 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 


1968: «brotet med institusjonen».

I Jahn Thons bok om «tidsskriftets forståelsesformer», dvs Profils ulike litterære fasar, har han skrivi eit kapittel om «Poeten Helge Rykkja» og debutboka BOK. Til Profil-analysen sin intervjua Thon ei rekkje av redaksjonane i Profil og andre samtidige aktørar, eit grundig forarbeid. Om personen Helge Rykkja samanfattar han følgjande:
«Rykkja kom fra en radikal familie med en onkel som var bystyre-representant for NKP. Ellers var det mye skolefolk i familien, som opp-rinnelig stammet fra landsbygda i Trøndelag. Motkulturen, lysten på helt umiddelbart å prøve alt nytt, hoppe ut på dypet for så å se om svømmedyktigheten holdt, alt dette virker nesten medfødt hos Rykkja. Sammen med Jan Erik Vold måtte han opprette avantgarde-forlaget Kommet for å få utgitt sin første bok (BOK 1966). Senere opererte han sammen med parhesten Ystgaard som litteraturens fribytter i utkanten av genrene.»

Deretter omtaler Jahn Thon trekløveret Helge Rykkja/ Hansmagnus Ystgaard/ Jan Carlsen sitt «totale brudd med institusjonen i 1968», noko som først blei innvarsla i 1966. (Sitat:) «Da forsøkte Obrestad/ Vold/ Solstad/ Økland/ Haugen/ Haavardsholm å »tøye« institusjonens tradisjonelle grenser. Men i 1968 blei de sprengt. I den første fasen av 68/69-prosjektet var det Helge Rykkja som førte an, både som poet og som personkoordinator. Han hadde følere ute i mange retninger, samarbeidet med Høverstad fra Club7-miljøet (TV-serien for ungdom, Skjønner du ikke hva jeg sier? og Høverstads diktsamling Økonomipakken NGSTSKRK), trakk inn Bjørn Myhre, Cecilie Løveid og andre yngre. Det var også Rykkja som tok kontakt med de første SUF-erne som Brynjulf Mugaas og Morten Falck. Både etter egen og andres vurdering var han ingen ringe fornyer i norsk poesi, selv om hans to første bøker vakte større oppmerksomhet i Sverige og Danmark enn i hjemlandet.» (Sitat slutt.)

Men våren 1969... Det som skjedde på våren 1969, var at eg flytta til Bergen for å bli forelder og forsvann gradvis ut av og utfor det som skjedde sentralt i Oslo i og rundt Profil-redaksjonen. Det spratt fram ca 1970 eit heilt anna kunstprosjekt, ifølgje Jahn Thon, noko han har rett i, og han klandrar meg som aktør for at eg ikkje har sett og gjennomskoda dette dårlegare prosjektet (som han kallar «Stedfortredernes tidsskrift») på eit tidlegare tidspunkt. Eller kanskje han like mykje meiner at eg kunne ha gjennomskoda det på eit seinare tidspunkt? Dette klagemålet er, same kva, ei sak for seg, som eg vil ta opp, men i eigen del seinare. (Sjå da side 16.) Her berre dette: I motsetnad til fleire andre i det gamle Profil-miljøet var eg nok ikkje med på dette dårlegare prosjektet. Og korleis skulle eg kunne ha stoppa maoismen i Noreg t.d året 1969 eller heller året 1974 med Dag Solstads kjempetreff av ein ml-roman, 25.september-plassen, på bordet? Store delar av det førande litterære livet gjekk meir eller mindre - saman med Solstad - over til dette prosjektet.