Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 4 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 

Foto: Vestmar

Om lagnaden: Når ein ser på biografien til t.d Olav H. Hauge, kan ein leggje vekt på, slik biografen gjer, at Olav H. Hauge ikkje var den gartnaren som den arbeidarromantiske myten om «gartnaren i Ulvik» fortel om (og syng om). Han ønska ikkje å bli gartnar, men likevel blei han det. Han utdanna seg til ein slik, og han heldt det gåande i dette yrket. Ved sida av lesinga av litteratur, skrivinga og etter kvart alle omsetjingane, og ved sida av den aukande omgangen med diktarar og litteratar, heldt han ut gartnaryrket. Avsløring: Han var ikkje gartnar. Men kor mange poetar har jobba eit liv som gartnar; eg veit om bønder som dikta, men om gartnarar veit eg berre om ein... Og eg ville da setje diktinga hans i samband med yrket, til ein viss grad. Også eg har levd med stort skilje mellom draum og røynd. Og kor spesielt er eigentleg dette skiljet? Skiljet er sårt og grunnleggjande, men kor spesielt? Skiljet er sams for svært mange poetar, ville eg tru. For heller ikkje eg ønska bli det som eg blei. Eg ville bli, i rekkjefølgje, komponist (som 14-åring), havforskar (pga maten) og biolog (som 17-åring), musikk-forskar (som 21-åring) og så forfattar (som 23-åring). Men blei det likevel ikkje, ingen av delane. Det eg endte som, det var familiemann, lærar, parti-arbeidar & lokalpolitikar. Ingen av dei tinga ønska eg meg som yrke eller som fast grunn, ingen av tinga, i utgangspunktet, men det blei slik berre, - stykkevis og uoversiktleg og planlaust i overgangen til læraryrket, og eit slags midlertidig sete i framhaldet... Men likevel så naturleg skjedd, trur eg. Det mangla ikkje på lyst og fantasi litt praksis. Og det er ei anna historie: Kanskje så mykje som to år, nemleg i 1967 og 1968, var eg forfattar.

I alle år lever ein etter forsøket som blei gjort, vidare med draumen, eller ber på delar av draumen, kanskje som om ingen ting har hendt. Kan eg forsøksvis prøve her med følgjande freidige dikt-setning forfatta 1967 og trykt djupt i boka Poesi: «Det er så anstrengende å være Helge Rykkja at jeg er det bare én gang i året».

Det er altså ikkje dokumentert at Olav H.Hauge nok ikkje var gartnar først og fremst. Det er heller ikkje sagt at han utan dette yrket sitt hadde vori ein betre poet, slik som han sjølv så sterkt ønska å vere, ein enda betre poet blant dei fremste, - om han f.eks hadde fått bokleg skolegang og eit anna og meir intellektuelt yrke eller rett og slett blitt forfattar! Eg synst også at biograf Knut Olav Åmås, som har gjort eit stort og for det meste klårgjerande arbeid, er vel sleivete med å omtale livsvilkåra for (friare) åndeleg tenkjing i bygdene på Vest-landet som skrinne... Vel. Frå Olav H.Hauges biografi over til jamføringa med meg: Pr i dag ser eg meg sjølv først og fremst som lærar og familiemann, det kan eg ikkje nekte for. Og først deretter som poet og forfattar - - slik lagnaden iallfall vil bli klår og klårlagt ettersom tida går sin gang og alt kjem til alt. Livet kan ikkje vere noko anna enn lagnad, det får bli formuleringa i dag. (November 20004.)


(Ps november 2007: Opphavleg var diktsetninga sitert over: Det er så anstrengende å være modernistisk at jeg er det bare én gang i året. Og først blei diktet trykt slik, i tidsskrift, men så blei eg tilrådd å bytte ut «modernistisk» i setninga med namnet mitt, Helge Rykkja, det skjedde da diktet skulle ut i bokform i 1968. Eg kan takke Jan Erik Vold for rådet.)