Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 14 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 

Foto: Vestmar

Død eller liv...

Dei enklaste orda som blir sagte eller skrivne, går eg og tenkjer på gjennom mange år, og eg ser dei frå stadig nye vinklar, slik som med Tor Jonsson si enkle strofe, som er både ei muntleg og ei stilisert enkel setning:

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.

Strofa sin bodskap heller imot død og dødsmedvit. Både kjærleik og død er så hevdande storleikar i det skaparverket som Tor Jonsson vender på – at det går på kostnad av arbeid og anna levd liv. Og det slår meg brått at diktet er eit moderne dikt på den måten at Jonsson skreiv seg enda meir opp til den norske modernismen enn t.d kva Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas, dei gode venene hans, ofte gjorde. Tor Jonsson var da også fødd seinare (1916) enn dei, og han var ein typisk etterkrigsforfattar, les no eg; sjølv om dikta hans er strengt kunstnarleg metriske, og sjølv om Jonsson fører vidare ein skarp nynorsk skrift-tradisjon.

Brått såg eg også kor ulikt skaparverket mitt ville sjå ut, i kontrast til det sterke dødsfokuset hos norske etterkrigspoetar som Gunvor Hofmo og Tor Jonsson.

Ta dømet mitt frå Filosofi, sa du (1994), det midterste diktet:
Eller ta dømet mitt frå Draken i solbærbuskane (1982):

Det slo meg ved desse to dikta frå meg kor ofte utgangspunktet mitt poetisk er: undring og nysgjerrigheit på livet, altså det utgangspunktet som er barnet sitt vanlege utgangspunkt - same om tilhøva for barnet er harde. Og sjå svært mange dikt i Eit hus mellom andre (2003), t.d det lange sluttdiktet i boka. Og ja, sjå både tematiseringa av barnelivet, og sjå valet av sjangervariantar...

Slik er heile diktet til Tor Jonsson, begge strofene, i samanheng:
Var eg ein Gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.
Dette har noko av ”Make love, not War” og ”Peace and Love”, ei god tid før 1960-åra. (Tor Jonsson døydde alt i 1951.)

Men dette er ein stille måte å elske på, - la noko viktig sleppe fram, men stille... Og tittelen på diktet er: Fattig ynske. Denne tittelen på diktet kan ein tolke som at det er eit fåfengt ønske å ønske seg i Gud sin plass og ønske seg ei stillare verd med mykje kjærleik, kjærleik for alle. Fåfengt - eller kanskje fåfengt - .

Tittelen Fattig ynske kan også sneie uttrykk som «Herrens lov er fattigmanns trøyst» og dermed peike på at Tor Jonsson hadde lita von om eiga kjærleikslykke. Lita von av fleire grunnar. Slik skal diktet uttrykkje kva som eigentleg var det beste, etter Jonsson si meining: ei verd der alle elska.

Eg kunne også kalle diktet eit ungdomsdikt. (Eg fann det forresten sitert i ei lærebok for ungdomsskolen i byrjinga av 1990-åra, og diktet var populært mellom 14åringane.)

Greit at det er slik, men aller mest er diktet eit dødsdikt, eller eit dikt med eit sterkt dødsmedvit, og altså noko som er knytta til atmosfæren i Noreg på den tida - meiner no eg å vite - heilt i slutten av 1940-åra og seinare i store delar av 1950-åra. Diktet har eit sterkt dødsfokus. Vel, kor sentralt er ordparet kjærleik og død? Tittelen på Ingar Sletten Kolloens Tor Jonsson-biografi er spissa - og nettopp: Berre kjærleik og død.

I artiklane sine var Tor Jonsson ein vaken samfunnsborgar. Diktet hans er litterært, og det spissar mykje den tradisjonsrike salmen Å leva det er å elska... Tor Jonsson var ein biletskapande lyrikar, ser vi, med eit sterkt blikk for kontrastar. Kjærleik og død er kontrastar, samtidig som begge fenomena, og alle kjenslene, heng saman.

Det blir eit langt sprang frå mine dikt til Tor Jonssons, dette var hovudpoenget mitt. I festskrift til Dag Solstads 30årsdag i 1971 trykte eg eit kjærleiksdikt som minimaliserer skilnaden mellom kvinne og mann, eller det skriv ut dei ulike posisjonane mellom kvinne og mann. Den avsluttande strofa (av sju strofer) er ei humoristisk og kritisk, men vennleg helsing til Tor Jonsson (på bokmål):
Jeg er mannen mot i brystet bryst har du
Du er kvinnen kvit i enden «Båe er vi norsk natur»
Orda «Båe er vi norsk natur» er nettopp strofeavslutning på Tor Jonssons kvinne/mann-dikt, - det er eit kjærleiksdikt, der han jamfører mannen med grana, noko mørkt, og kvinna med bjørka, noko lyst. Eg helsar igjen til Tor Jonsson:
Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.
Båe er vi norsk natur.

Eg er molda, djup og svart.
Du er såkorn, blankt og bjart.
Du ber alle voner.
Båe er vi det vi vart.

Eg er berg og naken li.
Du er tjørn med himmel i.
Båe er vi landet.
Evig, evig er du mi.


(desember 2005)