Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 13 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 

Foto: Jimmy Åsen

Dei du møtte frå tidleg av...

Vil eg skrive om Wessel, Wergeland,
om Aasen, Bjørnson, Vinje,
om Obstfelder , Uppdal,
om Wildenvey, Grieg, Nilsen,
om Hagerup, Prøysen?

Desse likte eg frå byrjinga av, og eg har haldi fast på dei. Barndomen min var etter krigen. Mor mi var ikkje politisk, men antiimperialistisk i høve til verdskrigen, til Afrika og seinare til EU. Hennar interesse for Wergeland, Taube og for viser med mange strofer fanga også meg. Og eg likte også den musikalske sida ved poetane, det imponerte meg at poetar kunne fange det levande kvardagsspråket inn i musikalske metriske former; det imponerte - og det imponerer. La meg nemne kven dette gjeld, dei som verkeleg kan det, dvs dei som er nemnde ovafor, frå tida før dei norske 1960-åra... Sjølv blei eg som debuterande ung forfattar ein avslørar av poetiske former i mitt poetiske uttrykk. Og eg opplevde også at dei vilkårlege og grunne verslærene som Øverland og Bjerke skreiv - og la igjen etter seg - på femtitalet, heller øydela for verskunsten i landet, rakt imot det som dei sjølve sa at dei gjorde for verskunsten. Sorga førte til at eg skreiv ei hovudoppgåve på 170 sider om «Tofi-debatten og norsk verslære»... Mange gonger - og det er også gjort mange gonger - kan ein grine av det fattige Noreg, av oss. Men ein kan ikkje grine av Bjørnson og Nilsen. Handtverket kunne dei; å ville noko ville dei. Eg plar å seie til venner av meg at snille var dei, Bjørnstjerne Bjørnson og Rudolf Nilsen, sjølv om dei levde i ei anna tid enn oss (tok du den)... Sa eg «handverket»? Det er for veikt, dei to har, begge, ei original songleg form.
Inger Hagerup ville blitt 100 år 12.april, og ho har såleis eit stort jubileum i år. Ho er ein songar, ho er ein som har haldi seg godt heile tida. Herman Wildenvey er ein songar som debuterte med den vanskelege «ville vekster»-strofa og fekk det likevel til å verke utruleg slentrande. Seinare har eg også merka meg kor mykje nystevrytmen har inspirert han, eineståande og orginalt til å vere så seint som det førre århundret. Slik kan eg halde på med å gjere det kortfatta. Nordahl Griegs dikt les eg når eg innimellom får behov for forteljande strofer, heilt frå «Rundt Kap det gode Haab» til «Friheten» og dei etterlatte tre dikta tiltenkt tida når krigen var forbi...
Kristofer Uppdal imponerte meg med sine gjennomærlege bilete, anten det var «Bloddråpetrall» om den absolutt eine våren, eller det var «Isfjellet»... Ivar Aasen forstår eg mykje meir som ein sosial opprørar enn som ein nasjonalromantikar, og det står stor respekt av dikta han la igjen etter seg, såvel i det musikalske ved dei som i den sosiale forståinga i dei... Eg les ofte Ivar Aasen.
Det er mangt å lære av den førromantiske tida og Johan Herman Wessel, han er så god at han overgår alle etterlikningar eller parodiar (t.d Einar Øklands). Den mest evnerike av dei alle, Per Sivle, måtte eg stryke av lista mi fordi han skulle leve heile livet sjuk og fæl i hovudet, medan Aasmund Olafsson Vinje fekk bruke sjansane sine og brukte dei og står som ein moderne poet. Vi har to Heinrich Heine-disiplar som er noko, i norsk poesi, Wildenvey og Hagerup. Forresten, Inger Hagerup er ikkje berre Heinrich Heine (og kjærleik), eg blei gjort merksam på at ho også kan vere Wessel (slik som i «bur ein baker»-diktet for born/vaksne). Gustaf Frøding er nok kanskje enda større; men sjå kor elegant kompositorisk på rytme Inger Hagerup er i dette stein-diktet:

Steinen

Så var det den gode stein
med bred og mosegrodd rygg
som ble en hemmelig venn.
Hos den var jeg alltid trygg.

Der kunne jeg gråte og le.
Den visste og skjønte alt
og brydde seg aldri om
hvordan ordene falt.

Urokkelig. Stor og stum.
Den samme i sol og regn.
- Hvor godt jeg begriper dem
som gjorde seg guder av stein.

Tørr kommentar til komposisjonen: Språket kjenner normalt både korte og lange setningar...

- - -
Vel, Inger Hagerup og Alf Prøysen har eg skrivi om i artikkel-spalta, både under «konkret i poesi» og under «systemdikt». Det står om poeten Prøysen også i nytt-spalta mi. Eigentleg har eg brukt mykje fin tid før på Per Sivle, eg får berre innrømme det. Eg veit at han klarte å skrive «Den fyrste song...» alt som tjueåring! Derimot Sigbjørn Obstfelder, som var inne på å bli musikar sjølv, var den av poesi-klassikarane som overtydde meg om at det kunne finnast ein ny veg gjennom frie vers saman med eit muntleg språk som utgangspunkt. Det er den saka.
(Mars 2005)