Til hovedsiden
  Heim  >  Presentasjon  >  side 10 av 17 <<  1  2  3  4  5  6  7  8  9  10  11  12  13  14  15  16  17  >> 


Draken... Separasjon av metriske/ frie vers?

Eit trekk til ved vurderinga av Draken i solbærbuskane vil eg nemne her. Jan Erik Vold ville hatt alle dei metriske versa i boka levert ein annan plass (sitat): «Gjenstår nå for Rykkja å rydde opp i sitt talent og sine ambisjoner, samle barneregler for seg, folkelege viser som kunne tonsettes for seg - og la de frie vers ta seg av høvding-fiksjonen?»
Høvding-fiksjonen refererer her til opningsdiktet i boka, der Vold finn sambandsliner til BOK/Poesi. Det å separere sjangrar frå kvarandre, slik Vold ber om her, er den norske oppdelinga - ho er ikkje blitt mindre skarp etter 1970-åra - med ein del forvirra estetiske posisjonar rundt metriske vers kontra frie vers. Den norske oppdelinga har også si rot i «Tungetale-debatten», aksjonen som Øverland sparka i gang i 1950-åra. Men meir: Ser vi her i Volds bokmelding nett komposisjons-prinsippet for Vold og Heggelunds store norske samla Modernisme-antologi frå 1985, antologien som var fridd for metriske vers, altså ein slags tilnærma motsatt aksjon 30 år etter «Tungetale»-aksjonen, noko dei to fekk høglytt kritikk for av danske literatar?

I dei fleste diktsamlingane mine har eg innslag av metriske vers, eksempelvis BOK, Draken i solbær-buskane, Slutningar til knes, altså brukt både i 1960-åra, i 1980-åra og i 2000-åra, noko eg ikkje skal gå nærmare inn på her når det gjeld detaljar. Det metriske er der heile vegen som ein naturleg diktsjanger for meg eller som ein god motstand enda oftare, kjenner eg, saman med dei frie versa og prosapoesien eller kva det er som vi bruker og tar med oss og slepper frå oss.

Dikteksempla i teksten på førre side finn du under Draken i solbærbuskane i spalta Bøker, men ikkje følgjande dikt, som Hadle Oftedal Andsersen valde til diktantologien sin i 1998:

TETTE SNØDRESSAR I FLOKK

Ungane kjem trippande og vaggande
som pingvinar
- i sine tette snødressar
i flokk og følgje.
Brått er dei borte.

Dette diktet knyter seg til 2004-boka mi, altså eit over tjue års spenn. Diktet knyter seg, kort sagt, til undersøkjing av augneblinken - eller situasjonen eller den sosiale mekanikken, litt av det magiske ved gruppeportrettet. Her manglar den for forfattaren klårt lånte identiteten (slik som den i BOK eller Poesi). Men diktet knyttar seg varsamt - men tydeleg nok - metaforisk til både ein foreldresituasjon (brått forsvinn dei ut av livet «mitt», eller omvendt?) og til det sjølvbiografiske for meg i det å vere småbarnsforelder eller forelder, heile pakka. Dette diktet peikar like mykje framover i forfattarskapen som attover, men Hadle Oftedal Andersen sette det saman med dikt frå BOK og Poesi. Frå tida mi før eg flytta frå Bergen i 1974, det er ei heilt anna soge, hugsar eg faktisk Hadle O A som ein av ungane nettopp i den tett påkledde og likevel gåande aldersgruppa. Snakk om å møte seg sjølv i døra.

Javel. Finst det ein grad av heilskap og konsistens i forfattarskapen min, eller finst det først og fremst fasar? Eg lar spørsmålet stå opent. Sjå innslaget frå Ivar Havnevik i «Same slags folk også her»/ Tilbakemeldings-spalta. Og sjå i «Konkret poesi» 6/12 og 14/12 same spalte, der også Fartein Horgars ord kan gå med i laget.

Elles viser eg til analysene som du finn i presentasjonen av bøkene, etter tur, i spalta Bøker.