Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2017

Noreg Karibia
Fredag 31.

NRK OG DIKTAFON
Torsdag 30.

Klårleik på årsmøtet?
Torsdag 23.

Nyskapar blei 90
Onsdag 22.

Lotte Konow Lund
Fredag 17.

Direkte og ekte
Mandag 13.

Publiseringa
Mandag 13.

Grøn vil eg ha deg grøn
Lørdag 11.

Avgrensinga
Fredag 10.

Poesisentrum i Noreg?
Mandag 6.

Torsdag 23. Mars 2017

Klårleik på årsmøtet?

Forfattarforeininga tar fatt om eit par dagar, med årsmøte. Her på denne nettstaden, som vurderer lyrikksjangren, har eg tatt opp ei større nulling av diktbøker i kulturrådet, dvs nye diktbøker i fjor som ikkje blei betalte for, sjølv om dei kom til biblioteka på vanleg vis. (Iallfall har det vore slik før.) DnF vil nok merke denne saka i helga. Skjebnen til ankenemnda, som skal kunne oppheve nulling i kulturrådet sitt lyrikkutval, vil komme opp i gruppediskusjonar; det er i dei ulike forlaga sine organiserte forfattarklubbar.

Men årsmøtet har store saker utanom dette, også dei skal gjennom gruppediskusjonar både laurdag og søndag. Og det er aktiviserande og bra.



Her er innlegget mitt frå Klassekampen si debattspalte 9. februar, med tittelen «Ettersyn av sjanger» :

Kort til kulturrådet sitt
ankelause ettersyn av den
gode lyrikksjangren:
Gjennomsnittet av dei nulla
er ikkje merkbart dårlegare
enn gjennomsnittet på dei
godtatte. Kafka-prosessen.


Her er ein artikkel om lyrikksjangren og nulling.