Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2017

Noreg Karibia
Fredag 31.

NRK OG DIKTAFON
Torsdag 30.

Klårleik på årsmøtet?
Torsdag 23.

Nyskapar blei 90
Onsdag 22.

Lotte Konow Lund
Fredag 17.

Direkte og ekte
Mandag 13.

Publiseringa
Mandag 13.

Grøn vil eg ha deg grøn
Lørdag 11.

Avgrensinga
Fredag 10.

Poesisentrum i Noreg?
Mandag 6.

Fredag 17. Mars 2017

Lotte Konow Lund

Om du har sett den retrospektive utstillinga for biletkunstaren og multikunstnaren Sissel Paaske, ho som også skreiv dikt, og du blir interessert i kombinasjonen teikning/dikt, da er Lotte Konow Lunds svære bok noko å sjå på for deg. Det gjeld ei ny bok som viser til dagbøkene hennar frå januar 2014 til februar 2016. Eg tenkjer jo på noko i barokken når den visuelle sida av skrift blir så interessant som hos Konow Lund.

Eg likar det ikkje så godt dersom Konow Lund kallar det ho har gjeve ut for «dagbok», det er noko som kan sjå ut som ei orsaking for å gje denne ut. Men dette upresise kan ha mindre å seie. Iallfall har kunstnaren hatt ei stor notatbok med seg rundt overalt og jobba der ho jobba. Og akkurat det er viktig. Dette kjem også fram når ein les boka, og det finst presistert i ei lansering av boka på nettet.

Her er eit større intervju i Kunstkritikk med illustrasjon (både tekst og teikning). Dessuten: Andre (og meir isolert sette) teikningar av Konnow Lund finst jo på nettet, her og andre stader.

Passe smålåten og sjølvsikker er iallfall kunstnaren i boka, tykkjer eg, både undersøkjande og prøvande. Stoffet blir til i det verkelege livet ved å sakse viktige delar av det notidige som skjer: portrett og kropp. Konow Lund er ein kjend filmmakar i Noreg. Og eg tykkjer at eg kjenner igjen ein parallell arbeidsmåte i denne teikna boka med arbeidsmåten til ein god filmmakar.

Lotte Konow Lund teiknar ofte store bokstaver. Noko som blir slik, i ein trykt og ikkje fotografert versjon (boka sine ytringar kan vere politiske):

JAVISST ER JEG SUBSI
DIERT SA HUN, DET ER
DERFOR JEG ER SÅ KRITISK
JEG BURDE FÅTT MYE MER
DA KUNNE JEG VÆRT END
A MERE KRITISK. TIL STAT
OIL.


Kustnaren på nettet ser vi fanga opp av google images (når ein googlar på namnet her).