Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2017

Noreg Karibia
Fredag 31.

NRK OG DIKTAFON
Torsdag 30.

Klårleik på årsmøtet?
Torsdag 23.

Nyskapar blei 90
Onsdag 22.

Lotte Konow Lund
Fredag 17.

Direkte og ekte
Mandag 13.

Publiseringa
Mandag 13.

Grøn vil eg ha deg grøn
Lørdag 11.

Avgrensinga
Fredag 10.

Poesisentrum i Noreg?
Mandag 6.

Lørdag 11. Mars 2017

Grøn vil eg ha deg grøn

Tove Bakke og Ragnar Hovland har «levd med» (slik dei sjølv fortel) avantgardisten Federico Garcia Lorca og gjendikta dikt av Lorca heile vegen. No har omfangsrike Lorca si «Dikt i utval» kome på Samlaget, med Grøn-tittelen over. I dei to si gjendikting. Utvalet er deira. I det verkelege livet blei spanske Federico Garcia Lorca drepen av politi på ordre frå høgaste hald.

Lorca utnytta folkepoesien. Dramatikar og poet og multikunstnar. Boka som Bakke og Hovland har gjeve ut, har sidetal mange og usedvanleg mange dikt, kortfatta dikt; likevel påfallande dramatiske dikt, veit eg. Noko av forklåringa er at kontrastar og drama er ein sterk tradisjon i spansk kultur. Bakke og Hovland skriv at Granada er ein hovudperson i diktinga hans.

Først eit kort dikt her, STRAUM. Og diktet er 3/4 skapt som scene-tilvisingar:


Den som går
kjem ut av det.

Vatn som strøymer
ser ikkje stjerner

Den som går
gløymer seg.

Og den som stansar
drøymer.


Som ein kontrast kan dei folkelege godt biletrike sigøynarballadane bli. Her FEIDE (akkurat kor vanskeleg det er å gjendikte balladane, det skal eg ikkje seie):


Djupt inni fjellkløfta
er lange Albacete-knivar
vakre som motstandarblod,
dei lyser som smale fiskar.
Eit kvast lys av tarotkort
skjer ut, mot det bitre grøne,
rasande oppøste hestar
og ryttarsilhuettar.
Oppe i eit oliventre
græt to gamle kvinner.
Tyren i denne feiden
klatrar oppetter muren.
Svarte englar kom med
Lommetørkle og snøvatn.
Englar med lange venger
av Albacete-knivar.
Juan Antonio, han av Montilla-folket,
rullar død ned skrenten
med kroppen dekt av liljer
og eit ope granateple i kvar tinning.
No rir han ein kross av eld
ned dødens veg.

*

Der, gjennom olivenlunden,
kjem dommaren, med sivilgarden.
Ei strime med spilt blod
klagar stumt sin song om slangen.
Mine herrar sivilgardistar,
same gamle historia,
her ligg fire romarar døde
og fem kartagarar.
Kveldinga, rusa på fikentre
og heite gjetord,
uvitar og fell, over
ryttaranes blodige lår.
Svarte englar flaug
gjennom lufta, mot soleglad.
Englar med lange fletter
og olivenolje i hjarta.