Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2017

Noreg Karibia
Fredag 31.

NRK OG DIKTAFON
Torsdag 30.

Klårleik på årsmøtet?
Torsdag 23.

Nyskapar blei 90
Onsdag 22.

Lotte Konow Lund
Fredag 17.

Direkte og ekte
Mandag 13.

Publiseringa
Mandag 13.

Grøn vil eg ha deg grøn
Lørdag 11.

Avgrensinga
Fredag 10.

Poesisentrum i Noreg?
Mandag 6.

Fredag 10. Mars 2017

Avgrensinga

Utan tvil har dataverda utvikla seg til ei meir brukarvennleg data-verd og blitt sterkare. Brukarvenleg er ordet. Vi merkar det fine.

Ein eller annan googla på «dikt om Horoshina»; det såg eg på grunn av nettstaden min sine treff. Og straks kom spørsmålet rett opp på topp om vedkommande meinte å spørje etter «dikt om Hiroshima». Og det var nettopp dette som var meint; ja, sjølvsagt var det Tarjei Vesaas sitt vidgjetne og sjeldne dikt om den bomba byen Hiroshima som søkjaren ville kjenne betre. Brukarvennleg datamåte.

Dette er blitt stadig meir vanleg og meir praktisk retta: å søkje på nettet etter alle slags små eller praktiske kunnskapar. Fordi det tar berre minimalt med tid på ein mobil, som folk likevel har med seg i lomma/veska. Søkjing på ord er ikkje lenger noko som aleine gamle eller nerdar eller kverulantar tar på seg å sjekke i selskapslivet eller det nærmaste dagleglivet.

I dag er det derfor enkelt mogleg å kvalitetssikre namn og andre konkrete opplysningar som travle journalistar og ivrige artikkel-skrivarar vil dunke i bordet med. Håper desse bruker sjansane og ikkje legg seg på eit for lågt faktisk nivå.

Opplysning og illustrasjon for alle er dataverda si god side. Sam-stundes er dataverda dessverre overstyrt av store og skruppellause private amerikanske pengemaskiner. Dette er ei anna soge. Da har eg gjort ei avgrensing; helst ei generell avgrensing mot misbruk. Dataverda blir også misbrukt.



Kor lett det er å trø fram på nett, kan eg illustrere ved ei kjend setning av Johann Wolfgang von Goethe: «In der Beschränkung zeigt sich erst der Meister», noko som tyder: Først i avgrensinga syner meisteren seg (omsetjinga er mi). For i søkja kjem ein dobbel sonett ganske raskt opp, der Goethes «slagord» finst i nest siste line under:



Sich in erneutem Kunstgebrauch zu üben,
Ist heilge Pflicht, die wir dir auferlegen.
Du kannst dich auch, wie wir, bestimmt bewegen
Nach Tritt und Schritt, wie es dir vorgeschrieben.

Denn eben die Beschränkung läßt sich lieben,
Wenn sich die Geister gar gewaltig regen;
Und wie sie sich denn auch gebärden mögen,
Das Werk zuletzt ist doch vollendet blieben.

So möcht ich selbst in künstlichen Sonetten,
In sprachgewandter Mühe kühnem Stolze,
Das Beste, was Gefühl mir gäbe, reimen;

Nur weiß ich hier mich nicht bequem zu betten.
Ich schneide sonst so gern aus ganzem Holze,
Und müßte nun doch auch mitunter leimen.

Natur und Kunst, sie scheinen sich zu fliehen
Und haben sich, eh man es denkt, gefunden;
Der Widerwille ist auch mir verschwunden,
Und beide scheinen gleich mich anzuziehen.

Es gilt wohl nur ein redliches Bemühen!
Und wenn wir erst in abgemeßnen Stunden
Mit Geist und Fleiß uns an die Kunst gebunden,
Mag frei Natur im Herzen wieder glühen.

So ists mit aller Bildung auch beschaffen:
Vergebens werden ungebundne Geister
Nach der Vollendung reiner Höhe streben.

Wer Großes will, muß sich zusammenraffen;
In der Beschränkung zeigt sich erst der Meister,
Und das Gesetz nur kann uns Freiheit geben.


(Goethe har ikkje delt opp diktet typografisk i strofer, slik som gjort her.)