Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2017

Danske poetar på vitjing
Lørdag 28.

Diktets Venner
Torsdag 26.

Josefine Visescene
Onsdag 25.

Juliana Spahr
Onsdag 18.

Etter året 2016
Onsdag 11.

Gro Dahle: Søster
Lørdag 7.

Effektfull montasjeform
Tirsdag 3.

Utanfor kartet
Mandag 2.

Lørdag 28. Januar 2017

Danske poetar på vitjing

Det skjer noko nytt i forlagsverda. Våre granneland sin nye lyrikk blir i større mon gjendikta til norsk (og innkjøpte av kulturfondet). Samlaget har nyleg fått gjendikta fire danske poetar. Det er Olga Ravn, Theis Ørntoft, Asta Olivia Nordenhof og Amalie Smith.

Desse fire kjem med hos oss her i Noreg og deltar i eit arrangement på Litteraturhuset, i Oslo på torsdag (2. februar): Under over-skrifta «poesi som politisk kraft». Det blir eit møte med spennande poesi; og vi får òg samtaler med Vigdis Hjorth om korleis poesi kan vere «innlegg» i samfunnsdebatten, melde Klassekampen om i går.

Bra er det at vi internasjonalt søkjer samkvem og knytar band i den brytningstida som er, ikkje minst er det bra for Amerika og Europa at reinspikka solidaritet blir ei kraft på tvers. Dette ser lovande ut.


Slik omtaler Litteraturhuset arrangementet.


I bokmagasinet til Klassekampen laurdag har medarbeidaren Morten Langeland skrive ein god omtale av dei fire gjendikta danske bøkene.