Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Okt 2016

Sterke familietema
Mandag 31.

Toppen av lesestoff
Lørdag 29.

Skål og suppe
Onsdag 26.

Rebolledo Pedersen & Frahm Jensen
Lørdag 22.

Nyprøvde kanalar
Onsdag 19.

System tilbake?
Lørdag 15.

Songlyrikken
Fredag 14.

Marx og framtida
Onsdag 12.

Utviding av litteraturkritikken?
Fredag 7.

Tema natur i byen
Mandag 3.

Datoar
Søndag 2.

Onsdag 19. Oktober 2016

Nyprøvde kanalar

«DIKT & forbannet LØGN, Norges beste dikt» blei plukka ut av literaturvitarar og gjevne til NRK-lyarar. Dei 100 beste står i boka? Gjeve ut i 2016. Med forord av Hans Olav Brenner. Gjeve ut alt før konkurransen i Nrk; den blei gjort opp med at diktet av Olav H. Hauge tok førsteprisen, «Det er den draumen». Hauges dikt er ei blanding av eldre og nyare poesi, mest nyare poesi. Boka «Norges beste» er dertil ei blanding av kjende og ukjende dikt, noko som er meint å treffe mange. Eg får tru NRKs bråe pågåande fokus på dikt gjorde godt.

*
Boka REN POESI oppsto ved at instagramdikt blei slått saman med bokdikt, til 108 dikt frå 69 ulike poetar, redigert av Ellen Wisløff. Overskotet på boka går til Ferie for alle, i regi av Røde Kors, og til Flyktningehjelpen. Blei gjeve ut i 2015. Gått i utrulege 5 opplag. Det eksemplaret som eg fekk kjøpt i lokal bokhandel, gjekk no til halv pris. Så her er det berre å forsyne seg. Også Ellen Wisløff var forresten jurymedlem i NRK-programma.

*
Vel og bra. I fjor skreiv eg om to poetar som også kom langt med nyprøvde kanalar, Magne Larsen og Olaf Lundheim. Konkurranse tatt inn også der, både for Magne Larsen på TV (i Norske Talenter) og Olaf Lundheim i Telemark, gjennom poesislam fleire år (også på Nordic Black Theatre 25/11 2016).




Ps 22/10-2016

I NRK-konkurransen, og bok! støtte dei på ei stor utfording. Juryen laga 5 båsar for dikta: «Hjerte smerte» og «Med penn som våpen» og «Natur og menneske» og «Uro» og «Dikt & forbannet løgn»... Dvs det vi kanskje kan seie blir etter modell frå klassisk disposisjon av store diktantologiar og dessutan etter den eldre sjangerpoesien.

Temakonsentrasjonen i nye diktbøker dei siste åra kan vel også ha hatt noko å seie for ein jury sitt val av disposisjonar. Men blei det vellykka for boka? Både ja og nei.

Var valet nok representativt? Etter debatt i Dagbladet om lyrikken i boka «Dikt & forbanna løgn» var representativ, konkluderte Fredrik Wanderup med at lyrikken ikkje var representativ, Glimra med sitt fråver gjorde òg Rudolf Nilsen .

Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Slik var vinnardiktet. Og det hadde blitt plassert i kategorien «Dikt & forbannet løgn». Sjølv var ikkje Olav H. Hauge nøgd med diktet i si tid (dagboka).




_______________
Ps 23/10 (siste nytt)

Det er søndag kl 14.18. Eg ser på TV2s Nyhetskanalen. Der entrar Frode Grytten studio, går fram for å lese diktet sitt «Tusenar seglar igjen», dikt som eg trur er nytt. Om båtflyktningane. Og han les ned på teksten om mange menneske i nød, ikkje for seint, men roleg og informativt, nesten ramsar opp.