Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mar 2016

Realisme i krim
Torsdag 31.

Poesidagen
Mandag 21.

Kjersti Kveli på Josefinevise
Mandag 14.

Aforismar og dikt
Torsdag 10.

Annabelle Despard
Tirsdag 8.

Slepp stilane fri
Søndag 6.

Støtt ytringsfridomen
Onsdag 2.

Mars
Tirsdag 1.

Søndag 6. Mars 2016

Slepp stilane fri

Kva gjer avantgardismen no? Avantgardismen i kunsten sin bijobb er å forstå stilane og sleppe stilane fri. I samband med dette vil eg kort prøve å syne eit par døme frå essensen av diktbøkene i 2015 (som eg har forska på). Det kjem. Og først over til seks artiklar om avantgardisme i litteratur og kunst på nettstaden, her står det noko å tenkje på:


* «Da det heile starta»

* Den aktuelle diskusjonen i Noreg om avantgarden. (Ver rein, ikkje skiten! er misforstått.)

* Postmodernisme versus avantgarde

* Montasjar frå Picasso til Berget

* Montasjar frå Picasso til Berget II

* Gøyme avantgarden?





(7/3-2016:)


Mellom poetane i 2015 var det stor tiltru til dette å bruke stilane fritt. Bra. Det same var det også med forlaga til poetane, meiner eg, eksemplifisert med artiklane mine om dei to store forlaga Cappelen Damm og Gyldendal. Og ulikt var i kva utstrekning desse forlaga følgde opp arbeidet med å gjennomføre det estetiske. Eit forlag bomma. Mest kritisk skjedde med Gyldendal når det galt å lose i mål hovudsaka i materialet.

Den instansen som svikta i spørsmålet om kunstnarleg val av stil, var kulturrådet, med sine nullingar av svært gode diktbøker... Det tydelegaste dømet her var nullinga av Jan Jakob Tønseths MUNTRE DØDSDIKT og andre dikt, der det statlege rådet sin jury tydelegvis ikkje godtok ein folkeleg og dyktig versjon av sonettar i svingande (middelalder-italiensk) Petrarca-versjon. (Altså ein montasje.) Og ikkje noka motesak. Lite mote hos poetane i utforminga av døds-tema.

Det andre som mangla i 2015, og det må nok kritiserast og følgjast opp, var at aviser og store tidsskrift og TV tok tak for norsk lyrikk.