Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Mandag 29. Desember 2014

Flekken

Første juledag var kyrkjegarden heilt stille og forlatt, ingen bilar ved gjerdet, den plassen som dagen før var eit lyshav midt i etter-middagsmørket bak bil etter bil som parkerte langs gjerdet og som folk gjekk ut av, kanskje med eit eller anna utstyr mellom hendene. Det var den dagen. Også andre juledag var liksom første juledag, heilt stille. Da kom sollys via refleks, via eit vindauge på toppen av terassehusa og deretter til, og via, eit vindauge hos naboen og rett ned på plena vår i form av ein lysande flekk, eg har aldri sett noko liknande.

Først var lysflekken der og deretter undersøkte eg, såg alle vegar... Lyset var blitt annleis no med flekken på jorda, som altså ikkje var lyst opp av sola men til ved ein undersøkt solrefleks. No er eg, og det skjønar eg, ein pensjonist som snokar og googlar.



Ps 31/12:
Denne nettstaden seier iallfall: Takk for det gamle året! Og riktig godt nytt år til alle!