Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2013

Du bestemmer
Tirsdag 31.

Reise i lyrikken
Mandag 16.

Kven har skrive dette?
Torsdag 12.

Flamme er fem år
Tirsdag 3.

Tirsdag 31. Desember 2013

Du bestemmer

Altså kor går poesien? Finst det nye tema som poesien kastar seg over og plasserer - ? Ja, dette finst heile tida. Og det blir bydd oss marknadsundersøkingar og skjematekstar med svaralternativ, på nettet, korleis kjennest det å møte slikt i ein lyrikk-samanheng i bokform?

Oppflisinga av store og samansette og verksame spørsmål, tykkjer vel fleire enn eg går for vidt, forenklinga blir rett fantastisk. Eg saboterte markandsundersøkinga til gallup denne gongen før jul, enda eg støtt har vore generelt positiv til vitskapelege granskingar. Men marknadsundersøkinga sist var meir overgrep enn vitskap.

Ja, kva er det ein aktør som Gallup tar på seg konkret av oppdrag og gjer? Jo, intervjua deira kombinerer politisk syn med detaljert marknadsbruk. Alt dette renn meg friskt i hu når eg tar fram Bård Torgersens nye bok Du bestemmer og byrjar å lese første tekst, som er slik:

vi setter pris på din hjelp
vi er her for å lytte til dine synspunkter
det er viktig for oss at du deltar på dine premisser
husk at du forblir anonym så lenge du vil


Nettopp anonym, ja! Med avsløringane av enorme NSA i tankane forstår eg: Ja, ein er ”anonym” og dertil overvaka. Slike dikttekstar som denne over (for eg les tekstane som dikt) finn eg hos Bård Torgersen i ei stålblank (eller sølvblank) innpakning, noko som vel skal vere den mest blankpolerte fasaden til sentrale innsmigrande reklamemoderne ordelag av typen ”du bestemmer”. Og i boka finn eg ei rekkje underlege skjema-alternativ, til saman rett og slett ei stor og farleg finurleg skjemaverd demonstrert.

Med diktboka held Bård Torgersen fanen høgt frå 2000-talet, vidare inn i det neste tiåret, med stramma form og storfelte løfta tolkingar, samstundes er bokmediet eit kunstverk. Bård Torgersen var ein av ei rekkje yngre romanforfattarar som også byrja skrive lyrikk, og dei nytta ubrukte sjansar i diktsjangren ved å ta eigen gode fantasi til hjelp. Ottar Fyllingsnes sitt større Brage-intervju med Øyvind Rimbereid i Dag og Tid nemner noko om denne samanhengen.

Iallfall er yrande nye måtar og sjangrar skapt i lyrikken sidan år 2000; det er ei stor sjangerkraft og tankekraft i lyrikken, sjølv om dette mangfaldet kan vere nokså utfordrande (framleis) for lesarar og kritikarar. Vi får helst tru det er ein overgangsfase vi er i. Forlag for Bård Torgersen er forresten Flamme Forlag, som no feirar eit fem år stort jubileum.

Stikkord for Torgersen si bok er: ”readymade-dokument”, selje produkt (f.eks vatn), haldningar, konkrete råd, ubudde overgangar (til f.eks Julius Cæsar eller til f.eks musikk), overdriving, press og forhøyr, tysting, hjernevasking, undergang + eit svært brått mord-scenario. Boka kan vere ein slags vaksinasjon mot hjernevasking og blir tilrådd av denne nettstaden.

Godt nytt år!