Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Des 2012

Klasseanalyse
Mandag 31.

Glad i landet
Lørdag 22.

Det snør, det snør
Onsdag 19.

Bøygen er klår med fest
Lørdag 15.

Frå Grønland (landet)
Søndag 9.

Nils-Øivind Haagensen nominert
Lørdag 8.

Ryktet går for Høghaug
Fredag 7.

Mandag 31. Desember 2012

Klasseanalyse

Vi skiftar alle roller. I 2012 har eg fått avslutta eit mangeårig lokalpolitisk engasjement med tillitsverv og funksjon som folke-vald representant. Eg har innimellom andre syslar prøvd meg som forfattar opp gjennom åra. Som forfattar kan eg no leggje meir vekt på mi slags tenkje- eller forskarrolle og prøve å ta ansvar for at ein oppdatert klasseanalyse kjem på bordet, tykkjer eg.

Folk har ein uoversiktleg situasjon, dersom ein ser raskt på det. Situasjonen er uoversiktleg fordi borgarskapen, med sine pengar og marknader og sitt lovverk, har komme så sterkt tilbake globalt etter 2. verdskrig i makt og mynde; proletariatet i verda minkar ikkje, men religiøse motsetnader blir haussa opp, og krigar blir førte som ei nesten sjølvsagt sak, om Vesten står bak eller stiller seg bak. Den norske borgarskapen, operativ med statlege aksjar og fond, er av den mest internasjonale sorten og syner seg over alt på kloden med eitt formål: å auke sin eigen styrke... Så dermed skulle situasjonen likevel ikkje vere så uoversiktigtleg?