Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2005

Æ Å litteraturfestival - og RV -
Søndag 27.

Raude dikt?
Tirsdag 8.

Søndag 27. Februar 2005

Æ Å litteraturfestival - og RV -

i Trondheim nærmar seg. Datoane er 14. til 17.april. Ei rekkje av for-fattarane, både norske og utanlandske, er no presenterte på Ratatosk. Eg er presentert av Hans-Magnus Ystgaard. Her ligg også ute tekstar av somme av dei utanlandske forf. Heile festivalprogrammet er venta å vere klårt om kort tid... Med det same nemner eg at litteraturtidsskriftet Ratatosk har mange fine lenker til nordiske litteratur-tidskrift.

Ja, eg var da altså på landsmøtet til RV i går, den midtre dagen, både som delegat og som opplesar etter lønsjpausa. Eg tok dei par dikta som eg nemnde nedanfor, prata litt og tok - midt i seansen - utsnittet frå Formalisten om klassane (du finn det i spalta Bøker)... Svært greitt. Eg har lesi opp 36 av dikta i Slutningar til knes, og pga ein lang sjukdoms-periode i familien har eg ikkje enno nådd målet om 100%. PS: No er eg blitt spurt om å lese 8.mars heime, men eg las jo også 8.mars i fjor...