Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr 

Nytt Okt 2004

Poesi og poesiår
Mandag 18.

Omsetjing
Lørdag 2.

Mandag 18. Oktober 2004

Poesi og poesiår

I Morgenbladet har Jan Erik Vold ein ny serie POESIÅRET som han blir kritisert for av Eldrid Lunden. Han kallar artiklane sine denne gongen for POESIÅRET 2004, noko som er demonstrativt og sett på spissen, sidan artiklane ikkje arbeider direkte med nyskriven poesi i dag, men med Jan Erik Vold sine synspunkt. Etterpå har det kommi nok ein artikkel. Denne artikkelen handlar om den kanadiske litteratur-kritikaren Hugh Kenner (1923-2003), som viser seg å vere ein interessant kritikar i tillegg til å vere førebiletet for Vold eller - aller helst - inspiratoren for det som skjedde av estetisk nyvurdering i Noreg midt på 1960-talet. For meg ei sensasjonell klårgjering av det nye; ikkje mindre enn det. Aldri har eg lesi ei så sterk attgjeving av den estetiske vendinga, slik dette portrettet av Hugh Kenner gjev - indirekte og så mange år etter! Sjå artikkelen i Morgenbladet 24/9 - 04. (Jan Erik Vold har elles sitert Kenner stykkevis i 40 år - og mest i samband med artiklar om Samuel Beckett.) Eg viser til andre notisar som handlar om den nye interessa for 1960-talet, på denne nett-staden.
PS den 22.oktober: I dag presenterer Vold ein oversiktsartikkel om forfattaren og førebiletet Robert Bly (f. 1926).

PS den 7.november: Jan Erik Vold har gitt ut, primo november, eit utval av Richard Brautigan (1935-1984) : «Å føre krig mot den gjengse maratonprosa». Beat-poeten Brautigan overlappar Vold når det gjeld portrett av personar (Volds Mor Godhjertas glade versjon 1968) og overlappar når det gjeld det spissformulerte ordknappe (Volds Kykelipi 1969), men er meir beat og hippie enn den meir kotrollerte Vold. Same kva: Det er langt fram til president Bush si politisk-religiøse bølgje av amerikansk nasjonalisme i Midt-Vesten og Sør. God omsetjing av Vold.

18/12 har eg lista over heile «Poesiåret 2004». Før artikkelen om Ernst Orvil, som Eldrid Lunden reagerte på, hadde Vold skrivi om: Ivan Malinowski, Nelly Sachs, Kristofer Uppdal, Kate næss, Tomas Transtrømer, Gunvor Hofmo og Alf Prøysen. Hugh Kenner og Robert Bly er alt nemnde. Dei to siste, den 26.november og den 24.desember, ville bli Arild Nyquist og Gertrude Stein. Dette kom fram på arrangementet i Cafe Mono.