Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Nov 2018

Livet i luftene?
Tirsdag 20.

Novemberlandskap
Tirsdag 6.

November
Mandag 5.

Mandag 5. November 2018

November

Kva er november, spør mange seg. Somme likar han. Somme ikkje. Da eg var yngre enn no, mislikte eg det grå og svarte i november - og eg kjende på det. I den alderen eg er komen i, jamnar mykje seg ut. Og litt av kvart kan eg velje mellom. Fritida er større.

Kven har skrive diktet?

Kveld i november



Han sperrar loftet. Natti kjem med frost.

Eg fer med augo yver hagen, veit

det heng att eple i ein topp. Eg leit

på mildver enno; veden skal i kost,



og kålen takast upp og kulast, tre

skal plantast; og det burde vorte tid

til nybrot òg. No ser eg hausten lid

og marki frys og snøen kastar ned



midtlides, og eg veit eg rekk ikkje mitt.

Den epleslumpen fær eg berga, kor

som er, so er i minsto ei sut kvitt.



I vest er månesigden ute, stor

og haustkvass, gjerug med å berga sitt,

ei saknads solbunde åt ei myrk jord.