Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Apr 2018

Kjend her i landet
Lørdag 28.

Ottar Ormstad på tvers
Mandag 9.

Dikt som står seg
Lørdag 7.

Lørdag 28. April 2018

Kjend her i landet

Eit farvel vil eg ta med ein norsk forfattar. Gravferda hans var i går.



Han forsto LO og kunstnarar
og kristne og hedningar
og snakka betre på 1. mai
enn nokon til sjøfartsbyen Kragerø
Til dømes gjorde han det i forfjor
da vi også fekk ein prat ved Folkets Hus
med han og Torill
Eg snakkar om Jon Michelet
Alt no er han død og borte

Men han kom da tilbake til ting, og tilbake
fleire gonger til Telemark og var trufast
Mange kjende seg vel i selskap
med han og med orda hans
Du er ein mellomting, Helge
Sa han til meg ein gong i tida
Og det var sant, ein sann poesi
Derfor herma eg etter han, eg som sjeldan
herma mykje etter nokon, når eg tok på meg
fine klede om morgonen 1. mai

Men du blei nok den største mellomtingen
likevel, er tilsvaret mitt

Eg tenkjer også på Johanna Schwarz, ho
opphavleg jøde frå Austerrike og sidan katolikk
og svenske og forfattar. Ho hamna i Noreg
pga kjærleik, ho var nesten blind, men god på vers
Det var tida før ho blei for sjølvkritisk og bortgløymd
eller sterkt nedvurdert for sitt forsvar for Røde Kmer
Da ho skulle gravleggjast frå Kongsberg kyrkje
tykte eg at eg hadde grei reise med tog til gravferda
Kven møtte eg på kyrkjebakken i Kongsberg
ikkje mange forfattarvenner eller andre frå Oslo
Men Jon Michelet kom frå Østfold