Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Feb 2018

Kristofer Uppdal
Mandag 19.

Kommunion 2017
Tirsdag 13.

Skamtalen. Graceland
Mandag 12.

Snøfjonet kvervlar
Fredag 9.

Dearvva dutnje,
Tirsdag 6.

Oppstart
Søndag 4.

Tirsdag 13. Februar 2018

Kommunion 2017


Kva er naturleg her? FRÅ Sindre Ekrheim den 9/2 - vil eg forfølgje det kvardagslege; no undersøke i dikt det munnlege uttrykket som folk bruker i kvardagen. Kva skjer når alt kjem inn i dikt? Nærleik, alvor? Vi skal gå til Leif Høghaugs bok Kommunion 2017, der eit svart bokomslag saman med tittelen peikar mot det religiøse.

Noko av det første lesaren merkar, er ulike dialektinnslag frå aust-landet blanda med nynorsk; dette blir blanda i heile boka. Dessutan poppar det opp alle slags talemåtar og ei mengd vanlege korte faste utrop og gjentatte uttrykk.

At dialekt og alt dette andre verkeleg er munnleg, syner til dømes boka sine 16 «scener», med heile tida same 3 roller; altså eit teater som er innfelt i denne svarte boka. Tre menn møtast med munnleg daglegspråk på alt frå romantikk til tenkt sex og gudar og død og geografi. Men prat om alvorlege ting. Kan hende lir vi for tida av altfor spikra gravalvorlege fraser i SKRIFTLEG, og så vil lyrikk gripe fatt i det?

Setningane i boka er skorne opp grovt slik som samtalar ofte plar gå føre seg. Lesaren må likevel klare å venje seg til det heilt uvanlege SKRIFTbiletet. Det hjelper å lese noko høgt; og slik blir det ganske humoristisk å gå vidare, med ein langt ifrå ufriviljug humor; pluss at det blir klårare kva poeten vil. (Boka er likevel ikkje tåkete og ikkje vanskelegare enn andre diktbøker.)

Det første diktet i boka siterer eg her og no, slik at noko av stoffet blir presentert konkret og rettferdig:

FABEL (DER DOM DAUDE ER)


Du milde Moses høyr! Som frå ein annan
/ spring dom / ølløv mannfolk over brua
heilag framand elva er / ho

renn rann i natta måneljose måneljos. Men
åkken her i mannaheimen / bygde / brua
sagde heilag? Å! du milde

måneljose / etter ein som frå ein annan /
ølløv mannfolk spring dom alle / framleis
over elva / Moses.


Ja, Leif Høghaug er fandenivoldsk i forma innanfor det innhalds-medvitne og sakleg eksperimentelle. Forfattaren nyttar alle slags liksomsjangrar med eldre tider som skiftande førebilete, og alt dette er brukt i staden for lyrikk sine mest vanlege «strofer» og avsnitt.






________
Medan Karin Haugane (i Nye sonnetter fra innsjøen) friskt held fram med å fylle sonettforma med innhald, gjev Morten Langeland (i si Zoonetter) den same altfor ærverdige forma handsaming enda røffare. Vel, Langeland minner da om Høghaug sin omgang med eldre former og (med) den altfor faste tradisjonen. På den andre sida har Karin Haugane og Morten Langeland dette sams at dei er gode på rytme og ikkje vil gje på båten eldre tiders dugleik der.