Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2018  2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jan 2018

Asmund Bjørkan trekkspel og altsax
Onsdag 31.

Det meldast
Mandag 29.

Varslarane
Tirsdag 16.

Organisering
Fredag 12.

Ei bok om Erik Bye
Onsdag 10.

Filosofi og lyrikk
Søndag 7.

Så vart det usunt
Lørdag 6.

Kunst for dei mange
Mandag 1.

Onsdag 31. Januar 2018

Asmund Bjørkan trekkspel og altsax



Asmund Bjørkan, som trakterte trekkspel og altsax like uanstrengt som meisterleg, gjekk bort nyleg - og blei 84 år. Ingen dårleg alder oppnådd gjennom eit velkjend anstrengande jobbtilvære som musikar og spelemann.

Bjørkan var spesiell. Han skal ha vore sjølvlært og blei iallfall langvarig orkesterleiar. Han gav ut ein sjølvbiografi i 2003. Den las eg ikkje da i 2003. I 2003, det same året, gjorde NRK TV eit portrett av han. Dette såg eg på, heldigvis.

Bjørkan var av trønderfamilie, det høyrer du berre på namnet. Han hadde eit støtt utgangspunkt i InnTrønderlag, dvs Verdal og Levanger. Det at Bjørkan gjekk bort, fekk meg til å minnast jazzfestivalen i Molde og oppstarten på festivalen i gamle Hotell Alexandra.

Jazzfestivalen i Molde starta i 1961 og er Europas nest eldste jazzfestival. Det er blitt lenge sidan 1961. Vi sykla til Molde frå Elverum, fleire av oss, for å oppleve festivalen. Der høyrde eg Asmund Bjørkan for første gong, det må ha vore i 1961 eller 1962. Og vi i publikum var med i konserten hans frå første tone, det er klårt. Asmund Bjørkan deltok på festivalen somme gonger da 1960-talet tok til og åra byrja å rulle. Han var ein av festivalen sine mest trufaste deltakarar.

Å sykle i Noreg for å komme seg rundt – det var ikkje uvanleg på den tida, må eg føye til. Sjølv om vi som drog frå Elverum i aust til Molde jazzfestival i vest og fòr rett over fjell og dalar, så var dette lite mot dei som også kunne sykle heile Noreg på langs.

Det at Asmund Bjørkan gjekk bort, fekk meg til å tenkje på at både jazz og gammaldans har eit opphav i folkemusikk og derfor kan seiast å vere i solid slekt. Asmund Bjørkan er det beste provet på slektskapen. Det folkemusikalske og det uanstrengte heng saman. Eg må også tenkje på ein vidgjeten internasjonal musikar som blei med i afrocubanske Buena Vista Social Club, den vel nittiårige pianisten Ruben Gonzales, han som spelte uanstrengt der og vann der etter å ha vore utan oppdrag og eige piano i fleire ti-år.

Men likevel: Det e itjnå som kjæm tå sæ sjøl, sa dei i Verdala (eller var det berre i «Vømmøladala»).