Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jul 2017

Rett foran
Fredag 28.

Levi Henriksen
Lørdag 22.

Satiriske dikt
Mandag 17.

14. juli
Fredag 14.

Livet
Tirsdag 11.

I juli
Mandag 10.

12. - 16. juli
Søndag 9.

Eim
Lørdag 8.

På fjellhytter skjer det
Fredag 7.

Fredag 7. Juli 2017

På fjellhytter skjer det

I store sosiale helgetider som jul og påske blir tilhøve mellom menneske prøvd, og ikkje så sjeldan kan det skje noko viktig på fjellhytter, meiner eg å vite. Bendik Vada si bok Vak går føre seg mellom to menneske på fjellet. La oss sjå på denne boka.

1. Ein solid omtale av Vak gjort av Merete Røsvik Granlund finst på littkritikk. Da gir eg samstundes god reklame for littkritikk si greie handsaming av debutantar, her er lenka til littkritikks fine omtale av Vak. Fem av dikta (som elles er korte) blir siterte der.

2. Ønsker du å lese enda fleire dikt frå boka med det same? Bla i boka på starten. (Lenka er frå forlaget sine nettsider.)

3. Ein kan også lett finne på nettet t.d Ingunn Økland sin omtale i Aftenposten, Økland som legg vekt på å formidle utgjevne dikt av debutantar (men elles av og til kan gje seg til einspora bombastiske smaksdommar).

4. Når det gjeld forlaget sjølv, Oktober, og formidlinga der av diktboka Vak, så har forlaget ikkje brukt mykje innpakkingspapir heldigvis og ikkje flagga for mange lesekodar for den som får boka vakkert i hende. Det er eit pluss her.