Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2017

Anna Rydstedt
Onsdag 28.

På Tiden forlag
Mandag 26.

Fengselsdikt
Torsdag 22.

Store skildringar av arbeid
Tirsdag 13.

Barnearbeid
Mandag 12.

Reinhaldarane sin dag
Søndag 11.

Baksideviser
Lørdag 10.

Bob Dylan sitt foredrag
Fredag 9.

Håvard Nilsen
Torsdag 8.

Onsdag 28. Juni 2017

Anna Rydstedt

Eg har i hende bøker frå Tiden forlag, framleis, to nye utgjevingar som rommar dikt. Først: Både tøff på sitt eige liv og frimodig på diktsjangren og bruker språk på ein readymade måte, er Ida Loríen Ringdal. Det skreiv eg. Temaet tør vere velkjend innan kjærleik i dag, at partnaren vil ha meire avstand enn det du vil. Eller omvendt. Ikkje minst 25-åringar, trur eg, kan ha opplevd dette intenst.

Den andre utgjevinga frå Tiden forlag som eg har her, ser ut til å vere andre opplag av ei bok trykt først i 2016 og om att i år. Det er Jeg var et lite barn av Anna Rydstedt. Dikta kom ut på svensk i 1970 og har halde seg godt og fått aukande merksemd i Sverige.

Stoffet hos Rydtvedt er ikkje dikta opp. Og språket er heile tida gjennomtenkt, jobba liksom for å fange det verkelege og få det kommunisert og lett tilgjengeleg. Eg siterer første avsnitt av det lange titteldiktet (som står i siste avdeling). Og slik byrjar dette diktet:


Jeg var et barn,
et viltert barn
da jeg ble koppevaksinert
sammen med Rut og mange andre barn
i Ventlinge forsamlingshus sommeren 1935.

Og det var ikke farlig!
To streker i kryss på skulderkulen
som et katterisp
av en ironisk elskverdig, geometrisk anlagt, svarthvit årsgammel katt!

*

(…)


Her merkar vi både den unge og den eldre sitt tonefall hos diktaren, som tar med hendingar frå tidleg og noterer så vidare i forkant av 1970. I boka tar ho med seg barnet. Det barnlege utsynet er gjerne effektivt. Også i utsynet over Ølandstraktene og oppveksten der.

Gjendiktaren Marte Huke sin norske tekst imponerer og glir både effektivt og mjukt. Ein merkar aldri det svenskspråklege forelegget. Det er også tydeleg at Huke likar og deler ambisjonane til Rydstedt. Og eg forstår det ut ifrå Marte Hukes eigen norske poesi.

Teksten i seg sjølv er så effektiv at ein ikkje er nøydd til å bruke etterordet i boka som nøkkel, etterordet som Stefan Søderblom har stått for, - eller behøvd å lese kommentarane frå Huke, som kjem heilt til slutt. Men etterordet og kommentarane er fine i ettertanken etter dikta. Dikta står altså utmerka på eigne bein. Det må eg streke under no som viktig for gode dikt. Det måtte bli moralen på denne nettstaden.