Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2017

Anna Rydstedt
Onsdag 28.

På Tiden forlag
Mandag 26.

Fengselsdikt
Torsdag 22.

Store skildringar av arbeid
Tirsdag 13.

Barnearbeid
Mandag 12.

Reinhaldarane sin dag
Søndag 11.

Baksideviser
Lørdag 10.

Bob Dylan sitt foredrag
Fredag 9.

Håvard Nilsen
Torsdag 8.

Søndag 11. Juni 2017

Reinhaldarane sin dag

Torsdag 15. juni er det reinhaldarane sin dag. Dei alle kjempar for rettferdige lønns- og arbeidsvilkår. Det blir møte og demonstrasjon i hovudstaden framfor Stortinget. (Kl 16.30.)




Her kan det passe med Arvid Torgeir Lie sitt dikt (frå 1969):



VASKEKONENE PÅ BLINDERN


Som maur strevar vaskekonene
seint om kveldane
flittige på professorane sine mange kontor
på Blindern,
plukkar forsiktig opp papir,
fyrstikker og kanskje ein tiøring,
flyttar på stolar, syng på ein liten melodi,
tømer askebeger, papirbøtter,
tørkar støv, tenker litt på professorane sine tankar
på vaskekoner og verden,
passar på at alt er på plass,
slokker lyset og låser seg stilt ut,
flittige små vaskekoner,
utan at ein har merka det har dei vore der
når morgonen kjem.