Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Jun 2017

Fengselsdikt
Torsdag 22.

Store skildringar av arbeid
Tirsdag 13.

Barnearbeid
Mandag 12.

Reinhaldarane sin dag
Søndag 11.

Baksideviser
Lørdag 10.

Bob Dylan sitt foredrag
Fredag 9.

Håvard Nilsen
Torsdag 8.

Torsdag 8. Juni 2017

Håvard Nilsen

Her skal vi gå vidare på aktuelle dikt som er å finne. Denne gongen går vi til Flamme forlag. Flamme forlag plar ha nye unge poetar å by på; i år er det til dømes Håvard Nilsen, med boka hans Litt som den sangen. På forlaget sine sider finst – etter mitt syn - denne relevante presentasjonen (som passar bra i høve til nye diktlesarar).

Og den siterte teksten Ca 2014 er første sida på opningsdiktet i boka.


Sjølv skal eg her komme med kommentarane mine til boka:

Først startar eg friskt på lesinga, merkar at det er mykje flytting for hovudpersonen - og at teksten konsentrerer seg til ein song om å bu fleire stader. Dette liker eg som lesar; for alt kan ikkje takast med i alle av dei mange strofane.

Etter kvart blir eg spent på kva poeten, eg-personen, også lever av alle desse åra. Han studerer, ja. Men studielån kan ikkje skaffast eller rekkje til så altfor mange års liv. Men boka bryr seg ikkje om å nauste opp økonomien, og alt blir nok finansiert på ein eller annan måte, reisene, opphalda, skolepengane. Kva gjer denne studenten? Han bur ikkje saman med kjærasten, men dei er mykje saman - og saman om mykje.

Men er eg-personen forelesar? (forstår eg side 76) Altså ein slags lærar? Men gjekk det for fort her, så langt i teksten, glipp det for songen. Spør eg meg. Byrja det å glippe her, etter ein imponerande samanhengande meiningsfull songtekst?

Korleis har den eine hovudpersonen det? Noko meir spør lesaren seg om: Kva er «det mørke» i han, studenten, som vi får fortalt? Er det smått med framtidsvoner? Er det - djup - pesimisme hos han?

Frå side 87 noterer eg meg det konkrete familielivet og at det blir ein ny og skarp opptur i lesinga av boka. På side 93 kjem deretter opplysninga: «Mitt hjem var et hus, ikke en by/ og et knippe mennesker/ spredt ut over landet.» Kan vi, mange av oss som les denne boka, berre slutte oss til dette og ta med oss credoet? Og synge eller kviskre vidare «Mitt hjem var et hus, ikke en by».

Ein detalj: Er Dragvoll ein skole, vil eg kanskje vite s 97. Jo, det er eit universitetsområde. Så, side 109, litt tomgang er også her, men det er likevel svært godt gjort med så lite av tomgang i ein såpass lang dikttekst. Same kva bok det er vi snakkar om.

Eg merkar meg at «ho» er på nattevakt (side 116). Iallfall «ho» er inne i ein vanleg jobbsituasjon. Blei eg litt letta?

Heilt på slutten (side 116-117) går boka sin filmrull enda raskare, kvikt mellom Mosjøen og Oslo og Mjøsa … Poesien er ein som reiser, ein person som tar med seg og sitt rundt i geografien! Og lesaren ser nok tydeleg framføre seg den store billettsamlinga som eg-personen har gjort seg møye med å skaffe.


___________
Med Flamme forlag 2017 kan eg også leggje til Nora Aschim si bok Unngå øyekontakt og Fredrik Hagen si: Jeg kom plutselig til å slutte å tenke på deg. Begge desse diktbøkene har eg lese og kan tilrå dei. Du taper ikkje på å prøve dei.