Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2017

Kulturjournalistikken
Fredag 26.

"Krise i kritikken"
Tirsdag 23.

Godt arbeid
Fredag 19.

Nordahl Grieg les
Tirsdag 16.

Eit mylder
Fredag 12.

Breie minner
Fredag 12.

Dei store spørsmåla
Fredag 5.

Banal grunn?
Fredag 5.

Dikt kan overraske
Mandag 1.

Fredag 26. Mai 2017

Kulturjournalistikken

Den er ikkje det mest populære lesestoffet; og Trygve Aas Olsen skreiv boka Kritisk kulturjournalistikk i 2014. Boka blir framleis diskutert og brukt. Og Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås hevdar at kulturjournalistikken er: keisam, snever og dårleg skriven (som ei forklåring på at denne journalistikken for tida ikkje blir lesen). Både Åmås og Olsen blir intervjua i Klassekampen på onsdag.

Kultur-journalistikken er ein del av formidlinga av ny litteratur. Og ikkje gløym diktbøker. Dette som nettstaden her har tatt føre seg i det siste. Formidlinga er eit stort bransje-problem. Og etter mitt syn kan ingen del som opererer grovt
i bransjen, gå fri eller seie seg uskuldig -.

Debatten i Klassekampen held fram i dag (26. mai). Folk legg ulikt vekk på det som er veikt; sjå sjølv i avisa. Men ein bør ikkje avvise kritikk mot sin eigen instans, når det er sabla veikskapar å finne overalt. Til dømes vil eit lanseringsintervju som berre poeten sjølv står for, saman med ein journalist som veit lite om kva som er sedvanleg (i feltet), ikkje falle heldig ut. Særleg kan dette uheldige skje for ein forfattar som aldri har diskutert grundig med forlaget sitt kva som kan vere særeigent ved dikta og vore nok innom kva som kan henge saman med interessante spørsmål utanom litteraturen. Ikkje minst forlaget sin feil. I sjølve dikta som blir skrivne i Noreg i dag, er mykje bra, overraskande mykje bra. Men så sviktar det ved presentasjonen rundt, og vidare, og omtalar blir ikkje gode nok.