Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2017

Kulturjournalistikken
Fredag 26.

"Krise i kritikken"
Tirsdag 23.

Godt arbeid
Fredag 19.

Nordahl Grieg les
Tirsdag 16.

Eit mylder
Fredag 12.

Breie minner
Fredag 12.

Dei store spørsmåla
Fredag 5.

Banal grunn?
Fredag 5.

Dikt kan overraske
Mandag 1.

Fredag 19. Mai 2017

Godt arbeid

Det kjem framleis ut antologiar med mange forholdsvis ferske og enkelte heilt nye dikt. Det verka i fjor som om ein heilt ny trend var starta. Særleg var eit av dei største forlaga, Cappelen Damm, ute på marknaden og hadde eit svært godt resultat med Ellen Wisløfs bok Ren poesi. Men ein kunne - i 2016 - også sjå ulike andre nyprøvde diktkanalar (? Les dette til slutt).

Hittil i år ser vi at Ellen Wisløf kjem med ein rask oppfølgjar. Og Hedda Foss Lilleng er ute med eit visst dikttema, SOMMER: Ny i redaktør-rolla med antologien REN SOM MER, på same forlag som Ellen Wisløf er. Vel er det snakk om tekstar, «106 tekster», av 90 forfattarar. Mange av desse 90 er poetar, det er bra. (Berre svært kritikarroste Ruth Lillegraven og veteranen og eksperten på utvida publisering og formidling Helge Torvund har så mykje som 3 tekstar med i boka.) Ellen Wisløf og Hedda Foss Lilleng verkar å kunne bli til ein ny generasjon formidlarar...

Hovudinntrykket for lesaren må vere svært mange nye røyster, og kanskje lovande? Boka er enkelt utstyrt, og i litteraturlista bak står forfattarane alfebetisk. Her kjem - kort - tittel på bok eller anna, der teksten har stått opphavleg. Svært lesarvennleg for den som vil leite etter meir i dei same kjeldene.

Forordet - på ei lita side - frå Hedda Foss Lilleng dreier seg stadig om oppleving, oppleving av tekst. Så enkelt. I prosjektet mitt med å studere ferske diktbøker og formidlinga brukt/ påført har eg fått ein god plante... Håper boka får ei fin mottaking hos lesarane.



Ps Ren snø:

? Overså eg utgjevinga av Ren snø, seint i fjor? Ja. Gjorde det. Eg beklagar. Boka kom på same forlag som dei to over. Og med Vidar Kvalshaug denne gongen som redaktør for antologien... Meir om innhaldet i boka Ren snø hos Dagbladets Fredrik Wandrup.