Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2017

Kulturjournalistikken
Fredag 26.

"Krise i kritikken"
Tirsdag 23.

Godt arbeid
Fredag 19.

Nordahl Grieg les
Tirsdag 16.

Eit mylder
Fredag 12.

Breie minner
Fredag 12.

Dei store spørsmåla
Fredag 5.

Banal grunn?
Fredag 5.

Dikt kan overraske
Mandag 1.

Fredag 12. Mai 2017

Breie minner

Alt i verda treng ikkje vere moderne eller gå i hurtigtogsfart, meiner vi og mange med oss. Nrk TV har truffe eit stort norsk publikum med ulike former for sakteTV, gjerne knytt opp til natur og lang tradisjonell kommunikasjon. Det finst også ei større interesse i dag for det alminnelege livet i hard fortid, livet i store byar eller tvert imot i geografiperiferien. Er kunnskap om fortida generelt no blitt meire å lære av?

Reality-seriar på TV kan dreie seg om eit konkurransespel lagt til fortida og (nostalgisk) kunnskap om handverk og læretid. Og dette seriestoffet er gjerne kopla til slekt og opphav som folk har, opphav også langt tilbake for den enkelte. Nye eigne enkle slektsforskings-program for sjåarane avløyser eller forsterkar ein populær serie som «Tore på sporet». Alt i alt: Folk flyttar, men slekta består.

Som døme på reality kan eg bruke programmet Anno. Først såg vi ein konkurranse-serie frå gamle Trondheim under reformasjonen, da pavestyret måtte vike i Noreg. Deretter såg vi Anno 1721 frå gamlebyen i Fredrikstad, det er vald rett etter at den store nordiske krigen var avslutta (med Karl den 12s fall ved Fredriksten). Men den aukande historiske interessa treng ikkje møte fullt så gamle tider. Også 1800-talet og 1900-talet får ei klårt aukande interesse, urolege tider som også dette var. Med krig og sjukdom og mange fødde i familien.

Når Marianne Teie i boka Du bestemmer deg for at dette er et minne, som er ein diktdebut, når ho skriv om slekter ho følgjer frå midten av 1800-talet til eit stykke ut på 1900-talet, merkar lesaren seg at fødslane ofte kjem med eit eller to år imellom; i familien blir det mange fødde som ikkje lever opp eller som døyr unge, vi møter ein for oss heilt framand norsk fattigdom, og sjukdomar i fortida riv mange folk bort frå barnsbein av. Det som Marianne Teie skriv om, kjenner mange igjen hos sine forfedre.

Eit innsmett: Farmora mi til dømes, som blei fødd i 1888, var den eldste av dei ti i søskenflokken som vaks opp, av i alt 15 fødde. Det blei såleis veldig skilnad i alder på søskena. Og slik at det passa at farmor amma minstebror sin når ho sjølv fekk barn.



På side 69 i Marianne Teie si bok kjem ei ny ung dame inn i soga, det er Berte Hansdattar, f. 1870. Eg kan bruke Berte som eit døme. Innleiinga om denne personen er slik, før mykje av handlinga ved henne tar til:



hun vil
det er det som gjør det
hun sier hun vil
da kan hun ikke tenke på seg selv
da kan du ikke tenke på kroppen hennes
da må du tenke på hendene
på kvinnehendene som kan gi barna alt
Berte er god
hun kan ingenting
hvert ord hun sier er tømmerstokktungt
men ennå er hun bare god



(...)


På baksida av boka har forlaget (Cappelen Damm) plassert dette korte utsnittet frå det aller første diktet i boka:



Om natten går du fra Lillehammer til Oslo
langs jernebaneskinnene
der går de alle
levende og døde
før eller senere