Til hovedsiden
  Heim  >  Nye dikt

Nye dikt

I denne spalta

har eg sett inn til dels uferdige dikt som eg arbeider på. Dette vil vere ein slags teknikk... Denne spalta vil også få nokre nye omsetjingar til engelsk/ amerikansk, det er sett inn ei omsetjing av «Tre generasjonar» (diktet frå 2003) og to kvikke prøver på BOK-diktet: «Bjørkene...». Ved somme av dikta i Bøker-spalta har eg føyd til litt omsetjing og utkast til omsetjing. Her finn du ei rekkje omsette dikt frå Poesi.

Skulle du no sakne dikt som sto i denne spalta før, betyr det berre at dei er innlemma i diktbøker og at du kanskje kan finne dei under boktitlane på Bøker. Diktet «Poeten Mehren», som har stått i ei fagbok og i ei vekeavis og står i denne spalta, vil venteleg reise inn i og promenere vidare i diktboka mi år 06... Fleire av dei andre dikta i denne spalta har fått ein høvesvis fast og roleg heim i 06-boka.



bjørka til Dahl....


skjærene som seglfly
seglbåtar på blå sjø
to menn i ein kvit bil
forbi Nesjan


Dette er ikkje eit nytt dikt, vil eg seie, men kan kanskje bli eit dikt, med arbeid, når omgjevnaden først er funni. Omgjevnaden kan kanskje vere allusjonar til artistar, i dette tilfellet til J. C. Dahl, som er ein stor helt for meg. Som eit svært kjend Dahl-måleri rekk det å nemne «Bjørk i storm». Og eg driv nemleg på med å skrive fleire nye dikt - til 2006, året med eit slags diktarjubileum for meg i høve til debuten i 1966. Men «Dahl» i diktet treng ikkje nødvendigvis vere J.C. Dahl, eg kjenner også andre med same namn og med bjørk... Og ps nov 06: bjørka til Dahl blei etter kvart eit dikt; pluss at bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar blei tittel på den boka som kom (no tidlegare i haust).


Ps april 2013: Måleriet av J. C. Dahl, «Hellefossen ved Hokksund», dette pryder omslaget på boka. Ei vaksen bjørk ved fossen, og tømmertransport,
er begge delar i fokus. Og så i dag (6/4-2013) gjekk treforedlingsbedrifta Hellefoss - ved den gamle Hellefossen i Hokksund - konkurs!



Ps oktober 2015: Dikta her på «nye dikt» er ikkje dei nyaste lenger, sidan fleire for lengst er trykte i bokform eller i avis. Men eg har ikkje sletta dei her. Grunnen er at eg ordna lenke til dei på nettstaden, t.d frå spalta Tilbake-melding, og det kan bli både kluss med nummerering og kanskje sakn om eg slettar her.

Litt nye kan likevel dikta med + vere. Somme som har vore i avis, er til og med så ferske som 2014 og 2015.