Til hovedsiden
  Heim  >  Nye Dikt  >  Dikt  Oversikt    << forrige    neste >>  

Da det var over +



Da det var over,
møtte eg mi tvillingsjel
Og vi sto
i trappa, i dusjen
på stien, på dekk
saman
eigentleg ikkje kvar dag


Da alt var over og fint,
trefte eg min tvilling,
og det var godt å vere i slekt
Vi sto
i trappa, i dusjen
i skogen, i marka
saman og snakka



26. juli 2008






___________________________________
To fotefar i snø



Den vindfulle vinteren har ikkje rørt enno
det vesle snølaget på tråkka utafor huset.
Vi ser to fotefar ved sida av kvarandre
med kurs for inngangen,

det er eitt spor laga av stort skonummer og eitt
frå mindre nummer, liksom to spor som passar
på kvarandre,

fell det meg inn. Og slik skal det da vere.