Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Formalisten  >  Dikt  Les om boka    neste >>  

Dei slong og lo



Underlig for meg å møte dei på ei strand på Sørlandet. Eller på ammerom i ein gammal bondegard med mange barn. Dei slong og lo. Det draup frå dei. Dei var så gode. Dei hadde kulerunde kvite bollebryst.
Gudane - når dei er nakne, når dei badar, og sola glitrar i bølgjene. Dette er inga klage.
Da står dei opp av havet, nyskapte, og da teller ikkje klisterføret. Da er til-standen nådd.
No er gudebarna frie, og bilane berre staffasje. Kleda berre ytre ting, sorga berre midlertidig. Senga ein stasjon, medisin noe i skåpet, hårkrøllane lite å sjå etter. Lauvet ein del av sommarsola, vatnet ein stor, stor ven. Himmelen ei tynn hinne. Flua er eit guds vidunder.
Men du trur det ikkje, og du glømmer altfor fort. Alt blir sorg, kleda er sorg. Senga eit alter, medisinen sov-i-ro, krøllane inntektsskatten. Lauvet fell, vatnet ein foss på foto, storkna. Himmelen universum, flua er så lita. Og da græt du, no græt du sårt. Du veit ikkje om isen held. Ein bajas er du, du er forstyrra. Sorgene var mange forskjellinge.
Norge blir berre grums, kloten mest ingenting å forsvare. Jorda, jorda er sprekk.

Og det er stygt å snakke om himmelen.
Barnlause barn. Men gudane fins, dei er nakne.