Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Eit hus mellom andre  >  Dikt  Les om boka    neste >>  

Kan du ta med deg ein person



Ein heim er ein stad å tenkje, å rote, å rå
Ein heim er ein einsam stad mellom andre,
ein stad å ha skjortene sine.
Kan du ta med deg ein person
frå heimen din og gå ut og gjere noko veldig artig,
er du lykkeleg. Det kan skje at de går
ut i gata, ut på fest og
ut der det skjer noko for dykk.
Tar de nokon med dykk heim?
Ein heim er ein artig måte å møtast på.