Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Slutningar til knes  >  Dikt  Les om boka    neste >>  

beibien som flara og lo



Are you going away with no words of farewell? Will there be not a trace left behind, song eg medan beibien flara og lo, kunne ikkje seie eit ord, men lydar var fascinerande. Flira av faren. Sprakk opp i latter, heiv smukken opp i lufta og la seg på tvers i senga med beina opp i veret, og ikkje under dyna. Ein slags livskunstnar? Gjennomskoda faren som skulle ut av rommet når ho sov, for han skulle på pub med kona og to andre og la berre barnevakta vere igjen. Ungen lo av ordet «Hasan» sagt med trykk, og ho lo enda meir av «Hasan, Beograd». Ho lo i trappa når ein tredjemann kom etter og under henne, ho lo av nokre andletsgrimasar og av hovud som kom til syne bak høge lene-stolar. Ungar no for tida er så glade.

Ho låg på golvet og jobba som ein helt. Var som eit børseskot borte hos onkelen som låg på stovegolvet, undersøkte beltet hans, kult belte, forsira spenne. Når han reiste seg og forsvann ned trappa, svirra ho 180 gradar rundt seg sjølv for å sjå alt han gjorde. Ungar no for tida er så interesserte.

Smukk-ekvilibristen