Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Sølvbåt og stjernevind  >  Dikt  Les om boka    neste >>  

Papirdokka ("teater")



Har du sett papirdokka mi?
Eg såg henne sist
på bordet under duken.
No har eg veldig dårleg tid,
skal på skolen klokka ni
og har med det eg laga.
Har du tatt,
ja, har du tatt papirdokka mi?


Såg du, såg du røvarsveisen min?
Eg hadde han i går.
No er eg blitt så rar
med barbiedokke-hår.
Mamma er på jobb i dag,
sjølv utan henne går det bra.
Vi har det berre berre bra,
men sorga er så stille.