Til hovedsiden
  Heim  >  Nye Dikt  >  Dikt  Oversikt    << forrige    neste >>  

bakgårdsrosa og Nordraakparken



I Nordraakparken står ei rose bak ein nybygd mur
og har hatt sine beste gleder med sommarleg natur.
Eg såg ho frank og frodig og beundra av oss som kom
og var så sabla frimodig i all sin herlegdom.
Ho står godt skjult i skyggen bak ein nybygd mur
og har hatt sine beste dagar, engsteleg og sur



(Medio januar trykte eg denne strofa i eit par aviser - som eit politisk innlegg lokalt... I slike tilfelle ringjer folk.. Seinare laga eg ei strofe til, denne:)



Vi har sett gudar falle og ormar få si løn.
Ein gud gjekk rundt i hagen og venta på ei bøn.
Stilsikkert vil det falle i augnekroken min
Då vil eg berre takke for blodraud appelsin
Vi har latt gudar falle frå hagen fin og grøn
Ei strid og vakker rose blei flekkete, obskøn





(Ps juli 06: Og etter dette, skreiv eg, etter kvart, nokså mykje om på den opphavlege strofa, om til eit fastare versmål, nøyaktig det same versmålet som blodraud appelsin-strofa. Dette får du sjå når boka mi kjem ut i haust.)