Til hovedsiden
  Heim  >  Nye Dikt  >  Dikt  Oversikt    << forrige    neste >>  

stemorsblom og ringblom og erteblom



stemorsblom og ringblom og erteblom i november
vi gløymer dei
vi gløymer nesten å sjå på dei
frå bordet. Det er så mørkt i veslehagen
Men dei gir seg ikkje
Berre snøen kan leggje eit dekke over dei





(Kommentar 29/11: Du ser sikkert at diktet ovafor er ein metafor, eit tradisjonelt metafordikt som handlar om døden - og likevel med reine utgangspunkt i verkelege naturopplevingar og observasjonar... Og vi bur i november-Noreg, vi fleste som er inne på denne nettstaden akkurat no, konstaterer eg. Og da kjem eit slags «framhald» for meg i høve til diktet ovafor, framhaldet er elles skrivi i dag, altså 29/11, med undring:)



Ringblomar og erteblomar for lengst
sunkne i hop under frost under snø
Men heilt innved verandaveggen sto framleis
stemorsblomane levande og mjuke og mørke