Til hovedsiden
  Heim  >  Nye Dikt  >  Dikt  Oversikt    << forrige    neste >>  

Selskap er + + +



Ekskludert for miljø Ekskludert for miljø
Ekskludert for menneskerettar Barnearbeid
Menneskerettar Miljø Arbeidstakarrettar

Korrupsjon
Miljø Menneskerettar Korrupsjon Landminer
Korrupsjon Arbeidstakarrettar Arbeidstakarrettar
Menneskerettar Menneskerettar Menneskerettar

(Det er ikkje slik mitt forsikringsselskap vil jobbe)

Klasebomber
Klasebomber Klasebomber Klasebomber Klasebomber
Kjernevåpen Kjernevåpen Kjernevåpen Kjernevåpen
Kjernevåpen Kjernevåpen Klasebomber

Tobakk Tobakk Tobakk Tobakk Tobakk Tobakk
Tobakk



(readymade)












Aust for Lampedusa


Aust for Lampedusa og Nord-Afrika, aust for Tunis der
ungane mine Frøydis og Kjartan reid på kamelar langs stranda
nær blåe bølgjer; nær der kan fylte båtar synke
med Midtaustens unge og Afrikas unge. Drukne nærme Lampedusa
og Sicilia, Europas betre langstrekte kyst












Tilfeldig møte ute?


Tre menn på ein benk
Smilte til oss
Frå høgre til venstre,
ein altfor belasta + ein i lang tid rusmisbrukar + ein altfor gammal








Piggtråd


Passerte grense på grense
passerte hav og møtte grense på grense
Det er ikkje grenser, men piggtråd
må tøye seg, tøye seg som flyktningar










Duene i Paris


Etter terror
landar duene i Paris på brusteinen
Opp og ned, opp og ned
i Saint-Denis ikkje barrikadert men utrygt for kvar og ein