Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Poesi  << forrige bok    neste bok >>  

Poesi

Dikt
Utgitt av Pax Forlag, 1968


Poesi var mi direkte utgjeving for det politiske forlaget Pax, og boka var opninga av Pax sin lyrikkserie Paxlyrikk, ein slags demokratisk billegbokserie med lyrikk. På ein måte spaserte forlaget vi hadde, Jan Erik Volds og mitt forlag Kommet, rett «inn» i Pax forlag. Vi hadde kort møte om det på Pax. Jan Erik Vold o.fl poetar gjekk inn i redaksjonen for Paxlyrikk. Eg valde sjølv ein slags super billegbok-profil på Poesi, med ein for den tida uhøyrd utsalspris på berre 6 kroner pr bok, kalkulert ekstra lågt av meg; medan dei andre/ neste bøkene i Pax sin lyrikk-serie blei prisa til 10 kroner pr bok.
Poesi skreiv eg raskt og sette boka med kulehovud-skrivemaskin i 1967, men ho kom ut (etter teknisk forseinking på forlaget) våren 1968, da det var blitt ei sterk venstre-politisk eksponering og ein sterk turbulens, både fridom og reaksjon - overalt i Noreg og internasjonalt (globalt).
Poesi blei nekta kjøpt inn gjennom innkjøpsordninga staten hadde skipa, etter ein del diskusjon og oppstyr (blant anna med opplesing av eit dikt på Stortinget), men opplaget på 3000 blei seld ut. Til diktet «Det er ikke noe i veien med ørene mine», som blei lesi på Stortinget, følgjer eit essay etter bokpresentasjonen her, eit heilt nyprodusert essay. Poesi er vel aller mest hugsa i dag for sine kortdikt, einline-strofer. Men her finst også lengre surrealistiske strofer å lese og sitere no, t.d her på nettet. Eitt av desse lengre - Sverige, så vakkert land - blei omsett til engelsk i 1975 - og følgjer i utdrag 8, på begge språk.
Den danske lyrikaren Per Højholt (f.1928 og d.2004) er ein av dei lyrikarane eg kjenner meg mest i slekt med, iallfall når det gjeld somme sjangrar. Han kom ut med billegbokformatet «Digte» i den same norske Paxlyrikkserien (og blomstra mykje i 1960-åra, var produktiv da, men også seinare og blei ein av dei store). Han hadde skrivi på side 4 heilt tilsvarande det som eg hadde gjort på side 4 i min Poesi to år før: «Satt opp og skrevet på maskin av forfatteren». Synd at vi ikkje hadde fått ein slik figur i Noreg.




Min skam.
I vår underviste eg forfattarstudentane på Bø i essay-sjangeren, og der sitjande pent i det hestesko-forma auditoriet skreiv eg eit essay, for å gå i brodden sjølv og svare også sjølv på ei oppgåve som studentane hadde fått av meg & den (dåverande) faste læraren deira, Eivind Røssaak. Utgangspunktet for min del når eg skreiv, var både oppgåva «Skam», og det var for meg diktet mitt ovafor: Det er ikke noe i veien med ørene mine. Vil du lese essayet, trykkjer du her


(Under utdrag 9 er det eit anna essay, eit essay frå 1968.)