Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Filosofi, sa du. Ein syklus  << forrige bok    neste bok >>  

Filosofi, sa du. Ein syklus

Dikt
Utgitt av Aschehoug, 1994


Av kritikaren Wenche Larsen karakterisert som «gladmodernistisk tradisjon», i ei positiv og prinsippiell bokmelding i Klassekampen (ikkje på nettet). Utdraga her på nettet er i stor mon brukt i framsyningar av dans, liksom dans er nytta til å føre fram rytmen i dikta.
«Filosofi, sa du» fekk relativt mange bokmeldingar; dei var nokså positive, så vidt eg hugsar, unntatt reaksjonen frå ei lokalavis på og etter ein lokal pressekonferanse... Samlinga var den første av to diktsamlingar med sykluspreg frå meg. Ho kom på Aschehoug og innleide eit fast samarbeid for meg der på huset, ei slags tilknyting for meg som har vart i ti år no, ti år er lenge til meg å vere.
Eit par år hadde eg eit gjensidig eksperimentelt samarbeid med ein dansar som hadde utvikla og deretter dansa eit koreografert magedans-liknande danseopplegg til mange av dei korte dikta i del 2: «Opsons avsnitt». Dansaren var Katja Aarflot, og ballettdansaren & koreografen var Snelle Hall, begge to (frå) Oslo. Det er for det meste desse dikta eg har valt for utdraga her, sidan dei for det meste er korte - og fordi dei «musikalsk» og tematisk heng saman...

Syklusen «Opsons avsnitt» har bolkar med titlar som følgjer her: - - Laus - - Personlig - - Filosofi,sa du - - Kroppen, slekta - - Dans er kongeriket - - Sjølironi samlar bitane - - Heltar og gudar - - Religionsløpet - - Ekteskap, ru ord - - Jenter i prosesjon - - Ungar med medgang... Er det noko som freistar ved slike tema? Prøv da utdraga.

På fleire vis kunne ein kalle «Filosofi, sa du» for ei feministisk bok. Mossingen Knut Johansen på Oktober forlag var på sin måte ein god diktkonsulent og forlagsmann, men da manuset til «Filosofi» kom til han i ein periode da han var gått i tenkjeboksen og diskuterte med Vibeke Løkkeberg og hadde fått kvinnerørsla nærmast i halsen, reagerte han med å skrive at eg som forfattar ikkje hadde noko i Oktobers stall å gjere, sitert etter minnet. Slik gjekk det til at eg hamna på Aschehoug forlag under Kjell Heggelund sin redaksjon. Og nettopp Heggelund sjølv var ein lyrikar som i lange tider (er ironisk nok i samanhengen her) fungerte som nettopp Knut Johansen sin store favorittlyrikar - og kanskje gjer det framleis.
For min del fekk eg aldri kvinnerørsla i halsen, men blei derimot vald inn i ein 8.marskomite lokalt så seint som for fem år sidan, og eg reagerer på t.d Richard Brautigans antikverte kvinnesyn, jfr den ferske norske og gode omsetjinga, som vi alle kan lese no. Likevel skreiv Brautigan verkeleg originale, glimrande dikt...


Det er råd å skaffe «Filosofi, sa du» framleis, sjå her.

Ein kan også lese denne 1994-boka i fotografert form på store Bokhylla.no/Nasjonalbiblioteket .