Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Draken i solbærbuskane  << forrige bok    neste bok >>  

Draken i solbærbuskane

Dikt
Utgitt av Oktober, 1982


Dette er ikkje ei barnebok (slik Blokka Ungeberget er det). Tvert imot er mange, dei aller fleste, av versa fullt ut vaksne - og kan syngast i vaksenkor eller deklamerast under ein sein middag. Det ser forresten ut til å komme ei tilbakevending til metriske vers no dei aller siste åra, med nærare og meir allsidig studium av Prøysen, Sandbeck m.fl. enn det er gjort før i institusjonen lyrikk. Og dette er samtidig ei internasjonal bølgje, ser det ut til... Og korleis vil denne interessa utvikle seg dei neste par åra?
Draken i solbærbuskane dreier seg likevel ikkje berre om metriske vers og eit arsenal av forsøk i nystevrytmen, men boka handlar like mykje om alle slags frie og bundne rytmar... Mottoet framst i boka er: Slepp Rykkja laus, eit motto og eit krav som eg gjerne forsterkar her i 2004... Dei meir kjende dikta frå samlinga er: Var det eg som var likegyldig? (Raskatroll) og: Joggaren fór - og: Skjortlaus Nina. Men den volumiøse samlinga inneheld over 70 dikt, og ikkje så få storvorne dikt saman med dei kortare...

Frå denne boka kom dikt - i min lesnad - tidleg ut i TV og på radiokanalar, og dei blei såleis min største litterære framgang utanom sjølve den isolerte diktsamlinga som institusjon - .

Utdrag 3 er mitt første franske dikt: «Så langt ned som Middelhavet» (og det blei sungi av lokale kor i Telemark, til trommer). Rart at eg ikkje hadde med noko fransk dikt heilt frå BOK, men BOK er skrivi under sjokket av Oslo, frå året 1964, der t.d den frankofile Gunnar Høst sine to timar med «Bateau Ivre» trass alt berre var ein minimal prosent av Oslo... Byen Sète i «Så langt ned som Middelhavet» er den same byen som eg skriv om i andre bøker, og sist i «Eit hus mellom andre»; byen er fødebyen til Georges Brassens, byen er den opphavlege fiskarbyen ved Middelhavet; vi kan også snakke om diktaren Paul Valery, som eg langtfrå kjenner, så det drit vi i. Men vi snakkar om 1963.

Det tar tid å skrive om ting. I byrjinga av 1980-åra da «Draken i solbærbuskane kom ut», gjorde eg mange politiske løft og ikkje minst mykje kulturpolitisk styrkjetrening, det var bruk for meg, kjende eg, men tidspendelen snudde fort altfor langt til den passive andre sida; og eg endte derfor opp som enkel lokalpolitikar og norsk kontakt for iranske og Kosova-albanske flyktningar, som blei plasserte i småbyen. (Via desse røynslene hamna eg som norsk representant for DnF og for UD på poesifestivalen i Bijelo Polje, Makedonia, i 1989, og som ein direkte oppfølgjar av dette: rett på eit storbesøk i Kosova året etter, dette var like føre dei sosialt oppløysande og altfor fæle krigane, som vi kjenner. Og dermed er vi faktisk hamna heilt over på «Eit hus mellom andre».)